– Vi skal lage opplevingsprogram kvar som helst i landet kunden er interessert i. Men som hovuddestinasjonar kjem vi til å satse på Fosnavåg, Lofoten, Værøy, Narvik og Oslo, seier gründer og dagleg leiar Jørn Sund-Henriksen.
Ein indrefilet
I destinasjonsoversikta til den nye reiselivsaktøren blir Fosnavåg presentert som «indrefileten ytst i havgapet».
Sund-Henriksen er oppvaksen i Lofoten og har bakgrunn frå Norsk Industri, Norges Rederiforbund og XXLofoten. Han kjenner reiselivsnæringa godt og meiner dette er eit segment med rom for vekst i Norge.
– Det er høg betalingsvilligheit og høge krav mellom dei som vil ha skreddarsaum, seier Sund-Henriksen i ei pressemelding i høve lanseringa.
I tillegg til hovudkontoret i Oslo, har Adventure Tailor to salskontor i London og Svolvær. Internasjonalt vil Storbritannia, Russland og Kina vere satsingsområde, i tillegg til bedriftsmarknaden i Norge.
– Vi skal satse på å marknadsføre Fosnavåg som ein eksklusiv opplevingsdestinasjon med kvalitet. Her er eit breitt spekter av aktivitetar, og nokre av dei er ganske unike, seier han.
Adventure Tailor vil satse på å vise fram opplevingsbedrifter i og rundt Fosnavåg. Nøkkelen innan aktivitetsturisme er å både vise at det er eit miljø av kvalitetsaktørar i området, samt at plassen har noko unikt å by på.
Sjølv om Fosnavåg ikkje har blitt noko stort namn i reiselivsverda enda, ser Sund-Henriksen eit stort potensial som gjer det rett å satse her.
– Vi har Runde som ein naturgitt «reason to og», og i tillegg er her eit nytt, stort og flott Thon-hotell. Vidare har vi Havila, Skotholmen og Havopplevelse, som bidreg til at alt ligg til rette for grupper med høge krav og gode budsjett, seier Sund-Henriksen.
Fosnavåg-kontor på sikt
Målet er å bygge opp Fosnavåg som opplevingsdestinasjon og på sikt etablere eige Fosnavåg-kontor. Sund Henriksen fortel at satsinga er godt motteken av reiselivsaktørane i Fosnavåg:
– Vi hadde ikkje gjort denne satsinga hadde det ikkje vore for dei positive tilbakemeldingane og den hjelpa vi har fått frå Havila, Thon Hotel Fosnavåg og Havopplevelser.