– Spør du meg, er det ikkje sikkert at kyrkja er brukande om fem års tid, om dette forfallet held fram, seier Nordahl.

Vestlandsnytt fekk sist veke tips frå folk i bygda som kjende til det som må reknast som ei omfattande vedlikehaldsutfordring i det i år tretti år gamle kyrkjebygget. Vi fekk også ein kopi av ein rapport frå ei synfaring av kyrkja i november 2017. Denne var føreteken av tidlegare distriktssjef i Nordsjô, avlidne Einar Haugen.

Her vert det konkludert med at ytterveggar, lister og vindaugskarmar er i ferd med å rotne opp. Det er soppangrep, mose og rotskadar.

– Vedlikehaldsetterslep

Etter å ha studert rapporten, tok vi turen til kyrkjekontoret og møtte kyrkjeverje Dorthe Nordahl. Ho stadfestar inntrykket rapporten gir.

– Rapporten du syner til, har kommunen fått. Dessverre har Larsnes kyrkje eit omfattande vedlikehaldsetterslep som berre blir verre og verre å rette opp i, di lenger tida går, seier Nordahl.

På Larsnes er det ikkje lenger ei aktiv kyrkjeforeining. Det kan vere noko av årsaka til at vedlikehaldet av kyrkja har hamna i gløymeboka.

Naudutgang og vindauge som er stengde

Nordahl syner rundt i kyrkjebygget, der fleire vindaugskarmar er svarte av sopp og væte. Ein naudutgang bak alteret er stengd etter at døra bles ut for eit år sidan. Fleire vindauge er stengde og let seg ikkje opne. Det er elles rotskadar og dårleg stelt både på bordkledning og andre stadar rundt på bygget.

Nordahl er varsam med å peike på «syndarar», men opplyser at kyrkjekontoret i Sande ikkje ser ut til å nå fram i kampen for meir vedlikehaldsmidlar.

Tårnet i Sande kyrkje

– Vi ynskte i år 100.000 kroner til Larsnes kyrkje og Sande kyrkje, tenkt som løyvingar som kan byggje seg opp til å ta unna ein del av vedlikehaldet. Men vi nådde ikkje fram, seier ho.

Når det gjeld Sande kyrkje, er det tårnet som no står mest på skade. Det er ein utfordrande jobb der berre stillasleige kostar mykje pengar.

– Vi må gjere noko med tårnet i vår eldste kyrkje. Men eg ser ikkje heilt korleis vi skal finansiere det, seier Nordahl til Vestlandsnytt.

Skryt til gurskingane

Ho er elles full av beundring over det kyrkjeforeininga og folket i Gursken har fått til med 100-årsjubilanten Gursken kyrkje. Her har bygda som kjent stått bak eit omfattande, innvendig renoveringsarbeid.

– Kanskje kunne det kome ein slik glød også for dei andre kyrkjene. På Larsnes har kyrkjebygget kanskje hamna litt i skuggen av dei mange andre prosjekta og tiltaka som er bygda, undrar Nordahl. Ho legg til at den tidlegare kyrkjeforeininga gjorde ein stor jobb, men der vart det aldri noko generasjonsskifte, og foreininga døydde ut i takt med at eldsjelene vart eldre.

Nordahl nyttar høvet til å rose kommunen for arbeidet på kyrkjegardane, med plenslått og slikt.

Men når det gjeld sjølve kyrkjebygningane ser det – frå avisa sin ståstad – ikkje ut til at kyrkjene kan rekne med særskilt stor hjelp frå det offentlege. I alle fall ikkje førebels.

Ventar på eit utspel

Teknisk sjef Kjell Martin Vikene understrekar at kyrkja eig kyrkjene, medan kommunen eig gravstadene.

– I denne saka bør det kome eit konkret utspel frå fellesrådet om kva tiltak som må gjerast, og gjerne med skisserte prioriteringar. Kommunen er klar til å gjennomføre eit slikt møte når det måtte passe, seier Vikene.

– Så kan vi ta neste steg, der vi eventuelt legg ein plan for finansiering og eventuelle søknader til dømes til Husbanken, legg Vikene til.

Vaagen håpar noko kan skje allereie i år

– I fellesskap skal vi kunne klare å få gjort noko med Larsnes kyrkje allereie i år.

Det seier ordførar og fellesrådsmedlem Dag Vaagen. Han opplyser at kommunen har ei klar målsetjing å vere godt vertskap for kyrkjebygga, og som eigar av gravstadar.

– Nesten til ei kvar tid har vi hatt og har større arbeid på gong knytt til renovering av kyrkjebygg og oppgradering av gravstader, seier Vaagen, som nemner arbeid med kyrkjer og gravstadar knytt til alle dei tre kyrkjene også i seinare år.

– Vi har likevel etterslep. Eg har god tru på at dette skal vere mogleg i god Sande-ånd. Med det siktar eg til den store oppslutninga om kyrkjene i Sande, og erfaring med svært fruktbart samarbeid mellom fellesråd/kommune og kyrkjeringar. Eg kan ikkje få fullrost nok den dugnadsinnsatsen som har vore og vert gjort for kyrkjene i Sande. Kanskje kan det i fellesskap vere mogleg å få gjort noko med Larsnes kyrkje i 2019, som ytre vask og måling med meir. Her bør Fellesrådet gå i vidare dialog med kommunen om status og prioritering. På liknande vis bør vi få gjort ei vurdering av vedlikehaldsbehova på Sande kyrkje, seier Vaagen.