Fylkesmannen er ikkje lenger noko hindring for at grunneigarane på Teige skal kunne realisere planane sine for Teigebogen fritidsanlegg.

Problemet for Fylkesmannen har vore moloen som utbyggarane ønskte å plassere på vestsida av dei gamle sjøhusa i området.

Her reiste Fylkesmannen motsegn så tidleg som på slutten av 2017. Etter den tid har planane vore drøfta og justerte heilt fram til at Fylkesmannen no kan seie seg fornøgd med resultatet. På bakgrunn av det siste planframlegget kan vi trekke vår motsegn til reguleringsplanen, skriv fagsjef Jon Ivar Eikeland i ei melding til kommunen.

Eikeland skriv at motsegna var grunngiven med omsynet til dei naturgivne landskaps- og strandsonekvalitetane i området og at ålmenta framleis skal kunne nytte området til rekreasjon og ferdsel.

I det siste framlegget er grensa trekt lenger vestover slik at mindre av strandsona blir nedbygd. Dermed gir Fylkesmannen grønt ly for at reguleringsplanen kan eigengodkjennast av kommunen.