Fyrste seks minutta av kampen blei ein mållaus affære. Sjølv med sju mann i angrep klarte ikkje Bjørnar å bryte gjennom Bergsøy sitt forsvar. Men når det er sagt, heimelaget klarte heller ikkje å score. Fyrst etter dette blei det meir tempo i kampen, og Bergsøy utnytta det faktum at Bjørnar spelte utan målvakt i sitt angrepsspel. Tempoet var i heimelaget sin favør og dei kom inn i ei god periode der Håkon Forberg og Jonas Lund sørga for viktige mål. Etter 20 minutt rusha Bergsøy litt og det løyste seg meir for bortelaget. Men det var likevel ikkje nok til å truge leiinga til Bergsøy. Til pause var stillinga 12-8.
- I fyrste omgang spelar vi godt i forsvar. Vi mister litt grepet etter 20 minutt, men det er ikkje verre enn at vi beheld leiinga til pause, konkluderte trenar Jørn Remøy etter fyrste omgang.
- Strålande i forsvar
Tempoet auka på i andre omgang, og nok ein gong var dette positivt for Bergsøy. Bjørnar prøvde desperat å halde tempoet nede, men Bergsøy klatra sakte men sikkert i frå. Det er verdt å trekke fram Bergsøy sin keeper Oddvar Johan Roseth som utover omgangen stengde Bergsøy-målet på framifrå vis. Etter ein mållaus fyrste omgang for Evaldas Grieze, melde storscoraren seg også på i andre omgang og noterte seg 5 mål. Marcus Buchardt var Bergsøy-spelaren som scora flest mål (6), deretter sørga Forberg og Lund for kvar sine fem mål.
Etter 20 minutt gjekk lufta ut av bortelaget og Bergsøy sikra ein komfortabel siger i Herøyhallen. Då dommaren bles i flyta, stod stillinga til slutt 28-17.
- I andre omgang viser vi at vi er betre enn Bjørnar. Vi spelar strålande i forsvar gjennom heile omgangen. Eg synest alle står på, og det er ein lagsiger på alle måtar. Eg vil ikkje framheve nokon spesielle i dag. Som sagt, dette var ein lagsiger, sa Remøy til Vestlandanytt etter kampen.