– Om rehabiliteringssentera (Mork og Aure, red. MRK) vert lagde ned vil det verte eit vesentleg dårlegare tilbod til pasientane som har behov for slik rehabilitering. Tilbodet på Mork er spesialisert, opparbeidd over tid og er basert på ein unik, tverrfagleg kompetanse. Sande kommune og kommunane elles i vår region står ikkje klare til å yte same tenester om Mork skulle bli lagt ned, heiter det mellom anna i ei fråsegn frå Sande kommune.
Redda av Mork
Her vert det sterkt frårådd å legge ned Mork. Ein slår fast at ei nedlegging vil gje langt meir krevjande utfordringar for pasientar og deira pårørande.