Bergsøy 2 vann heile 8–2 mot Gjerdsvika/LGFK 2 etter å ha levert ein svært god andreomgang.

– Vi har god kamp om plassane også på andrelaget, og fleire av spelarane kjempar om speletid også på 4.-divisjonslaget. Ikkje minst er det mange yngre og spennande spelarar på andrelaget, og det lovar godt for framtida, seier lagleiar Toni Sandanger etter kampen mot hans gamle moderlag.

Bergsøy sine nest beste har dermed spela seg inn i tabelltoppen i 6.-divisjon. Laget vil venteleg kjempe mot Hasundgot og Vanylven om den ledige opprykksplassen.

Sandanger omtalar 6.-divisjon som ein «kjempearena» å presentere seg i for andrelaget. Han trekkjer i denne kampen spesielt fram Daniel Sandvik, som utan tvil må seiast å vere banens beste.

– Daniel hadde eit mål som var i superklasse, der han finta vekk tre motspelarar i ei rørsle, og deretter sette ballen bak Gjerdsvika sin keeper.

I første omgang var det relativt jamt spel, med 2-1-leiing til heimelaget ved pause. Men etter pause sytte friske og raske Bergsøy-bein for at det vart stor skilnad på laga etter kvart.

– Ja, vi vart springande mykje imellom i andre omgang. Ingen tvil om at det var ein fortent siger. Men vi skapte mange fine sjansar i denne kampen. Åtte baklengs er vi sjølvsagt ikkje nøgde med, oppsummerer spelande Gjerdsvik-trenar Martin Haanes etter nabooppgjeret.

Gjerdsvika kom til kampen med ein fersk 4-2-siger mot Hødd 3 i kofferten. Men mot Bergsøy kom dei altså til kort, sjølv om sandssokningane i utgangspunktet stilte eit godt lag. Rett nok var dei utan sin storscorar på leige frå Bergsøy, Thomas Sætre Hauge.

Frants Leine Mork og Aleksander Borgund scora for Gjerdsvika/LGFK 2.

For Bergsøy 2 stod unge Kestius Riekasius for tre mål. Daniel Sandvik scora to mål. Robert Moltu og Marius Sporstøl noterte seg for eitt mål kvar, medan eitt var sjølvmål.

Til slutt: Det har vore scora i snitt 4,8 mål per kamp i serien i år. I denne kampen vart det altså ti scoringar, noko som stundom skjer i lågare divisjonar. Torgeir Halsen (Vanylven) er toppscorar med 10 mål, medan nemnde Thomas S. Hauge er nummer to på statistikken med sju scoringar.