– Så langt vi kjenner til, er vi blant dei fyrste kar-leverandørane som har fullført dette løpet, seier kvalitets- og utviklingssjef Helge Støylen i ei pressemelding.
Førskrift om krav til teknisk standard for landbaserte akvakulturanlegg for fisk trådde i kraft 01.01.2018.
– Det er fyrst i dei seinare åra vi har satsa inn mot oppdrettsnæringa, seier salssjef Dag A. Davik
Eit godt utgangspunkt
Aquastructures koklunderar med at Brimer hadde eit godt utgangspunkt. Dei hadde allereie eit kvalitetssikringssystem som er nødvendig sertifisert og dei har i mange år designa og dimensjonert etter anerkjente internasjonale standardar. Nokre nye rutinar måtte innførast, men i hovudsak gjekk det på å tilpasse eksisterande prosedyrar og skjema til krava i den nye standaren.
Brimer ser det som ein stor fordel at næringa no får felles minimumskrav.