Ein fersk økononomirapport fortel at eininga NAV/sosial er i økonomisk rute. Likevel finn rådmannen grunn til å påpeike at sosialhjelpsutbetalingane i første halvår ligg om lag det doble av det kommunen betalte ut for heile 2017.

Det vert ikkje forklara kvifor sosialhjelpa skyt i vêret.

Økonomirapporten fortel om ei drift som i store trekk held seg til det budsjetterte. Men det er nokre unntak.

Skatt/rammer ligg på budsjett, men kommunen manglar framleis over 1,3 mill. i fondsavkasting for å nå budsjettet.

Samla lønskostnad er noko over budsjett så langt i år. Helse/omsorg ligg noko over budsjettet så langt.

Det var også planen å ta inn 2 mill. kr i omstilling knytt til skulestrukturen, men det målet synest uoppnåeleg etter at skulesaka vart utsett. Heller ikkje i helse/omsorg ser ein førebels ut til å kunne kutte drifta med 2 mill. kr knytt til omstillingar, heiter det i rapporten.

Det kjem vidare fram at kommunen har budsjettert med eit integreringstilskot på 5 mill. men estimatet no tilseier ein sprekk på 1,65 mill. kr her. Innan premieavvik pensjon ser ein førebels ein minus på 2,5 mill. kr, men her ventar ein meir nøyaktige avklaringar i løpet av tredje kvartal.