– Eg gler meg veldig allereie. Dette er eigentleg sommarens høgdepunkt, i alle fall for meg, fortel Sandanger.

Dette blir det fjerde året larsnesingen tek med seg vennar frå revybransjen for å arrangere sommarshow på Gamlebanken i heimbygda.

Ein tradisjon

– For oss har i alle fall sommarshowet blitt ein tradisjon, og noko vi utan tvil ynskjer å halde fram med, fortel Sandanger. I helga var han heime i bygda for å skrive bachelorgrad i drama og teaterkommunikasjon om revy og humor for barn.

Med seg skal Oskar ha fem andre kjenningar som alle har vore med tidlegare. De er Jon Gunnar Edvindsen, Jesper Breen Frilseth, Anne Bolstad Skålid og Leiv Thomas Faulkner. I tillegg er nok ein sandssokning, Herman Brune Leikanger, med på laget. Han er elles også ferdig med eit år på folkehøgskulen der han har jobba med teater og underhaldning.

– Dei seier dei tek dette som ein ferie. Det er sjølvsagt mykje arbeid med eit slikt show, men dette er det vi alle likar å jobbe med så vi har det veldig kjekt.

Familien som viktig medspelar

Sjølv om mykje av planlegging og manusskrivinga skjer på studenthybelen i Oslo, tek framsyninga fyrst form siste veka før premiere. Då kjem gjengen til Larsnes og ei intensivøkt med øving.

– Eg er utruleg takksam for at eg og Herman har familiar som stiller opp og sørger for kost og losji til både involverte og tilreisande publikum, seier ein takksam Sandanger og skryt av alle som bidreg for å få sommarshowet på beina.

Lovar mykje nytt

Oskar og gjengen er allereie i gang med å emne på sketsjar og vitsar for sommarshowet. Inn til vidare held han korta tett til brystet.

– Vi kan seie so pass at det blir gjensyn med nokre publikumsfavorittar, deriblant Fyllik Baba, smiler Sandanger.

Elles er det ikkje usannsynleg at noko av humoren kjem til å basere seg på det lokale.

– Kanskje eg skal tøyse med Heimebane eller at Vestlandsnytt har blitt digitale, hintar Sandanger om årets show som etter planen brakar laust 10.–12. august.