Eit døme til oppfølging for andre lag, kan ein godt seie. Av utsend informasjon går det fram at laget den siste tida har hatt ein omfattande aktivitet og ein skal her ta med litt frå det sogelaget har sysla med.

Gamlebanken – 100 år 2018

Larsnes sogelag har sitt lagslokale i første etasje i Gamlebanken. Dette bygget har fått nytt tak og er no såleis «potte tett». Det er sjølvsagt til stor glede for både Gamlebankens Venner, som har ansvaret for drifta av bygget, og leigetakarane. Sparebanken Møre har gitt eit stort bidrag til takreparasjonen.

Medlemar frå Larsnes sogelag har delteke på dugnadar i samband med skifte av taket. Heile første etasje vert disponert av Larsnes Sogelag i samarbeid med Sande Sogelag. Det finst alt mykje verdifullt frå farne tider i lagslokalet og det er vel verd ein tur innom når sogelaget inviterer.

Det er tidlegare opplyst at Gamlebanken vart oppført i 1916, men bygget brann ned i 1917 og vart reist på nytt etter same teikningane i 1918. Sogelaget er oppteken av at historia til bankbygget, som opphavleg vart reist av Sande og Rovde Sparebank som bankbygg, skal verte kjend. Ein har difor teke kontakt med andre aktuelle for å få i stand ei god og verdig 100-årsmarkering av det unike kulturbygget som for ein del år sidan var nær ved å verte nedrive.

Albumsamlingar

Den siste tida har Larsnes sogelag fokusert mykje på avfotografering og skanning av gamle bilde som folk rundt i Larsnes-bygdene har i sine skuffer og skap. Det er kjøpt inn lysbildeframvisar og fotoskannar for digitalisering av bilde og dias. Sogelaget vil halde fleire «albumkveldar» der folk får høve til å kome med bilde for avfotografering og registrering. Kunnskap ein har tileigna seg gjennom arbeidet med Storegjerdesamlinga og Steinnessamlinga er til god nytte i dette arbeidet.

Sogelaget har også fått bildealbum og dias etter R. Emil Sæter som var ein aktiv kulturperson busett på Skredestranda. Ein har også fått overta diverse materiell etter Vestre Sunnmøre Branntrygdelag og frå Skredestranda Kvinneforeining. Larsnes sogelag tek også hand om mykje frå Elias Ekroll sitt bilde- og filmarkiv. Steinnessamlinga har også vorte komplettert med ein del nytilkomne bilde og negativ.

Smalfilm- og videoopptak

Tidleg på 90-talet gjennomførte nokre ihuga historieinteresserte eldsjeler ei rekkje intervju og videoopptak av fleire eldre personar i bygdene. Desse opptaka har Larsnes Sogelag no fått hand om. Sogelaget vil vidareføre dette viktige historiske arbeidet, og har difor starta med intervju av fleire personar.

Ein har mellom anna gjort videoopptak med Kjartan Oksavik og Arne Dyrhol. Dei fortel begge litt om livet sitt – frå barndom til dagen i dag.

I ei redigert utgåve, på omkring 30 minutt av opptaket med Kjartan, fortel han mellom anna om den dagen han vart teken til fange, og om tida i fangenskap på slutten av krigen. Her skildrar han også heimreisa den 8. mai 1945. Sogelaget ynskjer at Kjartan si forteljing skal verte etterspurd og kjend. Ein kan såleis kontakte Larsnes Sogelag for utlån av denne filmutgåva. Den er ikkje heilt ferdig enno, men kjem snart.

Sande sogelag/Segn og Soge/Storegjerdesamlinga

Sindre Torset er Larsnes sogelag si utsending til Sande sogelag. Han er leiar for felleslaget og har dei siste åra, saman med redaksjonsnemnda og mange andre friviljuge, gjort ein stor innsats i høve utgjeving av årboka Segn og Soge.

Marte Storegjerde er medlem i Arbeidsgruppa for Storegjerdesamlinga og har ansvar for organisering og oppfølging av opplysningar som kjem inn til databasen for fotosamlinga.

Bygdevandringar

Til liks med mange andre historielag har også Larsnes Sogelag skipa til bygdevandringar. Under Sumarsamkome jonsokhelga 2017 var det bygdevandring til Kvalen, Dalen og Vasstranda. Sindre Torset og Torbjørn Rekdal senior hadde ansvaret for den. Om lag 55 personar møtte fram.

8. mai var det bygdevandring for inste delen av Skredestranda. Basen for samlinga var «Saja» hos Guttorm Oksavik. 95-årige Kjartan Oksavik var omvisar og fortalde litt om gardsbruka som før var på Torset, i Oksavika, Tødeneset og Skrede. Etter å ha gjennomført denne særs vellukka bygdevandringa med omkring 70 frammøtte, har sogelagstyret som mål å få i stand ei årleg markering av 8. mai. Vi vil gjere vårt til at det som hende i 1940–1945 aldri må gløymast, og at vi alle har eit ansvar for å formidle historia til komande slekter.

Jokerkråa

Den såkalla «Jokerkråa» har vorte ein sosial og fin samlingsstad for mange. Larsnes Sogelag er aktive også her og lagar til bilde og anna som vert omtala med stor interesse og livleg debatt over ein kaffikopp og anna servering frå Jokerdamene.

Styret

I styret for Larsnes sogelag finn ein desse ihuga medlemane: Hilde Brune Nystøyl (leiar), Sindre Torset (nestleiar) Solrun Slettestøl (kasserar), Marte Storegjerde (sekretær), Torbjørn Rekdal senior (styremedlem) med Rasmus Ekroll og Dorthe Nordahl som møtande varamedlemmer.