Skepsisen galdt reguleringa av ein mindre areal på Bergshaugen. Der vil utbyggarane plassere fire firmannsbustader på eit areal som ikkje er større enn vel tre mål.

Med diskusjonen rundt Dragsundfeltet friskt i minne, ville Svein Gjelseth oppmode formannskapet om å lytte til dei som allereie bur i området. Han ville også minne om at det like i nærleiken er ei anna regulering på gang med berre fleirmannsbustader.

– I eit så sentralt område på Bergsøya må folk rekne med å få naboar inn på livet, påpeika Tine Storøy.

Olaug Andreassen såg ein skilnad mellom nyreguleringar og omregulering av eksiserande planar. Ved ei nyregulering er det ingen tidlegare tomtekjøparar som kan hevde å ha blitt ført bak lyset, poengterte ho.

Slik Camilla Storøy såg det må det vere større toleranse for tett bebyggelse sentralt enn i utkantane.

– Men eg er skeptisk til for mange fleirmannsbustader, og det har vi regulert mykje av i det siste, la Storøy til.

Om formannskapet var skeptiske til utnyttingsgraden, blei de sagt mykje positivt om måten utbyggarane vil «rigge» feltet med dei fire bustadane rundt ein stor og sentralt plassert leikeplass.

Naboar og andre får høve til å kome med innspel no når forslaget blir lagt ut på høyring.