– Sidan vi ikkje har symjehall i Sande, har vi brukt å kjøpe symjeopplæring i andre kommunar. Sist vi gjorde det var våren 2016, seier Oppvekst- og kultursjef Øystein Johansen i Sande kommune.

I fjor fekk elevane altså ikkje slik opplæring. Årsaka er først og fremst logistiske utfordringar.

– Nokre av elevane må bli frakta heilt frå Kvamsøy. Ein heil skuledag går med for eit par timar i vatnet. Då vert det ikkje lenger ei sak berre for kroppsøvingsfaget, men også for andre fag, seier Johansen.

– Samtidig vurderer vi symjeopplæringa som viktig, og vi har krav å forholde oss til.

Høgre krav til ferdigheitsnivå

Frå hausten 2017 endra Utdanningsdirektoratet dei lovpålagde krava til symjeopplæring i skulen. Etter fjerde trinn skal elevane ikkje berre vere symjedyktige, men også kunne falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i tre minutt (medan ein flyt på magen, orienterer seg, rullar over og flyt på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land.

Dette medførte mellom anna at det frå skuleåret 2017/18 vart obligatorisk å gjennomføre ei ferdigheitsprøve beståande av sju øvingar. Desse skal bli gjennomførte undervegs i opplæringsforløpet.

Er budsjettert dette skuleåret

Sande kommune har lagt opp til å starte opp igjen symjeopplæringa dette skuleåret.

– Hensikta er å starte opp til våren, men vi er avhengige av ein viss logistikk. Dessutan må vi jobbe over ein periode med relativ stor hyppigheit. Spørsmålet er om det er mogleg. Tidlegare har det vore vanskeleg, mellom anna fordi tilgjengelege symjehallar i andre kommunar har avgrensa kapasitet, seier Johansen.

Spissa mot småskulen

For Sande er det først og fremst aktuelt å drive begynnaropplæring, altså i 1.–4. trinn, ettersom det er der krava er mest skjerpa.

– Realiteten er at det bli krevjande, men det er også viktig, avsluttar Johansen.