Jenta var under 15 år då overgrepa skjedde tilbake i 2012. Dei to overgrepa skjedde med kort tids mellomrom. Det eine i heimen til jenta, det andre under eit besøk hos tiltalte i samband med eit familieselskap.
Overgrepa hadde karakter av beføling, som fornærma i begge tilfella motsette seg. Sjølv om det eine tilfellet dreia seg om kortvarig handling, meiner retten at også dette kvalifiserer til å bli karakterisert som seksuell omgang.
Tiltalte nekta for begge forholda, men Søre Sunnmøre tingrett fann det bevist utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at tiltalte utførte handlingane med vilje, og at han var klar over kva han gjorde. Denne konklusjonen kom retten til etter å ha høyrt forklaring frå til saman tretten vitne. Også dei mange chattemeldingane frå Facebook, som blei framlagde i retten, styrka fornærma si forklaring.
Av rettsboka går det fram at tingretten særleg har lagt vekt på forklaringa frå helsesøster. Ho forklarte at ho så tidleg som i februar 2013 hadde blitt fortalt om overgrepet. Detaljar om overgrepet kom ikkje fram før ein seinare samtale dei to hadde våren 2017.
Vekklagt av politiet
Det var fyrst i etterkant av denne samtalen at saka blei meld.Fyrst la politiet saka vekk, men tok seinare ut tiltale etter klage frå fornærma.
Straff i friheit
Om aktor sin påstand var fengsel i tre år og tre månader, har retten sett fleire forhold som talar for straff i friheit. Mellom anna alderen, og at handlingane var utførte så langt tilbake i tid. Retten viser til at tiltalte ikkje er straffa tidlegare. Dessutan har saka eit bakteppe som skil seg frå øvrige saker i rettspraksis. Både fornærma og tiltalte har i fylgje domen utforska kvarandre sine kroppar heilt frå dei var små. Utforskinga heldt fram heilt til fornærma blei så moden at ho skjøna det ikkje var rett.
Men: «Han har til slutt tydd til tvang for å oppnå den ønska seksuelle kontakt med fornærma. Retten meiner bakteppet på ingen måte forklarar eller orsakar handlingane til tiltalte. Dette er alvorlege krenkingar.»
Retten meiner omsyna i FN sin barnekonvensjon tilseier at samfunnsstraff er eit aktuelt alternativ. 420 timar er lova sitt maksimum når det gjeld samfunnsstraff.
På toppen av samfunnsstraffa kjem fengsel i 30 dagar og 175.000 kroner i oppreising til den fornærma.