I ei pressemelding heiter det:

Gåva er gitt etter søknad frå foreininga for å opprette ei eiga tilskotsordning for prosjekt innan ny bruk av norske fyr. Pengane skal altså delast vidare ut til foreininga sine medlemmer som eig eller har leigeavtale på eit fyr.

Det er i dag 80 fyr som er tilslutta organisasjonen Norsk Fyrhistorisk Forening. I 2017 blei foreininga tildelt EUs kulturminnepris for sitt arbeid for vern gjennom ny bruk av norske fyrstasjonar. Den nye tilskotsordninga har som mål å skape enda meir aktivitet framover.

Gåva skal gå til konkrete og varige tiltak på norske fyrstasjonar som gjer dei betre tilrettelagt for ny bruk, og trygt tilgjengeleg for flere. Det er viktig for foreininga å skape ei lågterskelordning som kan gjere det enklare å gjennomføre prosjekt og som utfyller det som allereie finnast av offentlege støtteordningar.

Tildelingskriterium

Ved vurdering av søknader vil det leggjast vekt på at tiltaka tilrettelegg for ny bruk utan å gå på kostnad av bevaringsverdien av fyrstasjonane eller omkringliggande landskap. Den som søker må vere leigetakar eller eigar av ein fyrstasjon, vere medlem av Norsk Fyrhistorisk Forening og dele foreiningas mål om bevaring og tilgjengeleggjering for allmenningen. Tildelingar vil skje etter behandling av foreiningas styre. Styret håper på mange søknader.

Dagleg leiar i Norsk Fyrhistorisk Forening Ola Sendstad takkar Sparebankstiftelsen DNB for den viktige gåva.