– Eg fryktar at det verste skal skje, forklarar Lillian Rishagen medan ho kikar ut vindauget.

Vi sit i huset hennar på Leikongeidet. Det er onsdag ettermiddag og nabo etter nabo ringer på døra og kjem inn på kjøkenet. I dag har dei alle noko på hjartet: Vegsituasjonen på Leikongeidet.

Frustrerte

– Vi er rett og slett frustrerte slik som situasjonen er. Vi føler oss ikkje trygge når vi ferdast langs vegen, forklarar alle som har møtt opp.

Alle er til dels samde i at det med fine forhold og trafikantar som overheld reglane går an å ferdast tryggare langs vegen.

Men ...

– Folk held ikkje fartsgrensa. Mange bilistar er flinke, men andelen folk som råkøyrer på denne strekninga er dessverre langt større, forklarar naboflokken.

Dei beskriv så at dei dagleg ser trafikantar som køyrer svært fort og gjer uaktsame forbikøyringar til fare for andre trafikantar.

– Det har vore fleire utforkøyringar i området, fortel dei og viser bilete.

Vinteren og mørketida byr også på det dei beskriv som endå farlegare forhold. Då er det glatt og mørkt, og brøytekantane tvingar dei endå nærare kvite-stripa.

– Det har vore fleire gongar vi har gått langs vegen og bilar nesten har treft oss. For ikkje så lenge sidan, gjekk eg langs vegen då det skjedde ei forbikøyring og det var berre flaks at olbogen min ikkje trefte sidespegelen, forklarar Kåre Sjåstad.

Han får samtykke med fleire av dei andre i rommet.

– Det er farleg å ferdast langs vegen her, konstaterer dei.

Avslag på gratis skuleskyss

– Det er spesielt ungane eg er bekymra for. Eg let dei ikkje gå til skulen, seier ei oppgidd Lillian Rishagen.

Ho forklarar at situasjonen var toleleg for dei heilt til dottera, Kristin (10), mista retten til gratis skuleskyss då ho byrja i 5. klasse.

– Vi søkte til kommunen om å få gratis skuleskyss til ho då vi meiner hennar skuleveg er for farleg, men dette fekk vi ikkje.

I Herøy kommune sitt skyssreglement er ikkje strekninga nemnt som særleg farleg eller vanskeleg for aldersgruppa 5.–10. trinn.

I avslaget heiter det også at oppvekstavdelinga ikkje har noko problem med å forstå at foreldra er engstelege for borna i trafikken, men at søknaden ikkje kan godkjennast etter lover og bestemte vedtekter.

– Vi er ikkje einige i denne slutninga. Det er klart vi har eit ansvar om å lære opp ungar i trafikken, men då må forholda vere betre enn dei er, meiner Lillian.

Ho viser spesielt då til eit vegkryss i ein uoversiktleg sving. Det er overgangen mellom gamlevegen og nyevegen i 60 sona, ikkje langt ifrå kyrkja på Leikong.

Vil ha tiltak

Gjengen som har samla seg flyttar så diskusjonen over på moglege tiltak. Dei meiner det er viktig og i alle fall få på plass skilting, overgangsfelt og kanskje til og med fotoboks for å sørgje for at trafikantar ferdast meir aktsamt i området.

Har søkt om tursti

Eit anna tiltak som innbyggjarane vil ha på plass er ein tursti som kan tryggje ferda lags vegen. Grunneigarar i området har sagt seg villige til å gi vekk gratis grunn til dette formålet. Idrettslaget har søkt til kommunen om pengar for ein sti, men har ifølgje dei frammøtte ikkje høyrt noko frå kommunen sidan søknaden vart send i sommar.

– Noko må gjerast med vegsituasjonen her oppe. Vi har gjort det vi kan, avsluttar naboane.