Nyhende →
Sp i Herøy ber eige parti vurdere å gå ut av regjering
Herøy Senterparti har skrive brev til partileiar Trygve Slagsvold Vedum der dei ber partiet vurdere sitt regjeringssamarbeid. Lokallaget meiner at deira eige parti har skusla vekk fanesaker og brote valløfte. Om ein ikkje klarer å snu trenden, ber dei Senterpartiet trekke seg ut av regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet umiddelbart, heiter det mellom anna i brevet.