Bygdefolket gjekk saman og skipa Leikong Handelslag. Mange har rista på hovudet og kanskje tenkt at dette går aldri verda, men bygdefolket har gått på oppgåva med krum nakke og patriotisme i verdsklasse.

Dette syner kor mykje nærbutikken betyr for folk på bygdene. Det er ikkje berre ein butikk, men også ein samlingsplass, ein faktor som knyter folket saman.

På same tid i sommar vart det også vedteke å legge ned butikkane i Tjørvåg og på Larsnes. På Larsnes var det to butikkar, vegg-i-vegg. Der har Coop-lokala fått nye eigarar, og det blir «lys i huset». Det er å håpe at lokala i Tjørvåg også får nytt liv.

I Gjerdsvika vart butikken – sett litt på spissen – berga gjennom det faktum at bygdefolket og næringslivet gjekk saman om ei nysatsing, saman med Coop. Der låser kundane seg i dag inn og handlar, nær sagt heile døgnet. Bak satsinga ligg ein stor porsjon patriotisme frå næringslivet, som også har oppretta ein bygdebonus til lag og organisasjonar, knytt opp mot utviklinga i omsettinga.

I tillegg finst det fleire butikkar i nærområdet som har gjort avtalar om levering av varer og proviant til bedrifter og ikkje minst til reiarlag. Det har vi sett fine døme på når det gjeld butikkar både på Nerlandsøya, Larsnes, i Gursken og på Sandsøya og Kvamsøya. Det gir viktig omsetting for butikkane, og kan reknast som eit patriotisk innslag frå dei som kjøper varene.

Skal ein ha nærbutikk, må ein stundom tole at varene kostar litt meir enn hos dei store lågpriskjedene. Ein kan sjå litt annleis på det: Når du handlar i nærbutikken, gjer du samstundes bygda ei teneste.