Nøkkelen for å skape tilflytting til distrikta er å få unge kvinner til å ville prøve livet i det «vesle formatet», meiner tidlegare professor og minister Victor Norman. Han trur elles at Herøy og Sunnmøre har alle føresetningane for å få dette til.
Victor Norman seier at grunnproblemstillinga ein må løyse i Noreg handlar om korleis få unge menneske som ikkje er oppvaksne i Distrikts-Noreg til å flytte på seg.
Foto: Bjørnar Torvholm Sævik