På sin Twitterkonto skriv politiet at dei har blitt kontakta av fleire som opplyser å ha blitt kontakta av nokon som hevdar å vere frå politiet. Dei skal ha blitt spurt om personopplysningar og kontoopplysingar, og politiet ber dei som blir kontakta på denne måten om å legge på. Politiet ringer aldri og ber om dette, skriv dei i åtvaringa.