Byggnr. 396 ved Myklebust Verft vart 27. juni levert frå Myklebust Verft. Båten stemna ut Gurskevågen i kveldinga.
– Dette er siste trålar ut i ein serie på fire like hekktrålarar av Rolls-Royce-design som er leverte frå Myklebust siste året. Kirkella skal først innom Ålesund for å få om bord meir utstyr, før dei set kursen mot fiskefelta til helga, opplyser verftet i ei pressemelding.
Myklebust Verft har to ferjer med batteriteknologi under bygging som skal leverast til Fosen Namsos Sjø utpå hausten. Utanom det er det førebels tomt i ordreboka når det kjem til kategorien nybygg. Ettermarknaden vert meir viktig ein periode framover.