Herøy kommune fryktar at tiltak i farvatna utanfor hamnene blir eit forsømt kapittel dersom ansvaret blir lagt på staten.

Ansvarsoverføring frå kommune til stat er eitt av forslaga i den nye hamne- og farvatnlova som no er ute på høyring. Forslaget inneber at kommunane gjennomgåande skal ha myndigheit innafor hamnene, medan staten vil ha ansvar og myndigheit utanfor.

Anløpsavgifta fell bort

Forslaget til lovendring kjem berre vel eit år etter at Herøy kommune innførte hamneavgift med anløpsavgift som ein viktig del av inntektsgrunnlaget. Føremålet med anløpsavgifta er å sikre framkomelegheit innafor kommunane sine sjøområde.

Som ein konsekvens av ei slik endring vil kommunane ikkje lenger ha grunnlag for å krevje inn anløpsavgift, og Herøy kommune vil stå igjen med kaiavgift på tre kaier som einaste inntekt.

Hurtigruten ASA har som kjent bestride kommunen si innkrevjing av anløpsavgift og har avstått frå å betale frå dag ein.

Det nye forslaget opnar for at kommunale eigarar av hamner kan ta ut utbyte frå overskot i hamneverksemda, og at slikt overskot også kan nyttast til andre føremål enn hamnetiltak.

Kommunane veit best

I ein uttale frå maritim og teknisk komite seier Herøy kommune seg uroa over endrings- forslaget, og peikar på at det er kommunane sjølve som best kjenner til lokale forhold og behov.

Vår kommune vurderer fleire tiltak for å betre framkome i farvatna utanfor hovudlei og bilei. Vert ansvaret her lagt på staten, fryktar vi at det ikkje vert løyvd midlar til desse tiltaka, og at vi samstundes ikkje kan finansiere desse tiltaka med anløpsavgift, heiter det.

Herøy kommune meiner at sjølv om ansvar og myndigheit for tryggleik og framkomelegheit i farvatnet vert lagt til staten, bør det framleis vere muleg å finansiere tiltak som staten ikkje løyver midlar til, med anløpsavgift.

Herøy kommune kan ikkje sjå nokon grunn til å endre på ei ordning som fungerer godt, og som tek vare på føremålet til lova om gode og trygge farleier.