Det er ein langsiktig avtale som er gjeldande frå 2018-sesongen og ut 2020.

Marine Harvest er verdas største oppdrettar av laks, og har over 1600 tilsette i Norge. I Herøy har selskapet både fabrikk på Eggesbønes og anlegg i sjøen. Eggesbønes er eit av landets største lakseslakteri, og har rundt 200 tilsette.

– For at vi skal vere ein attraktiv arbeidsplass treng vi levande lokalsamfunn med gode aktivitetstilbod til alle aldersgrupper. Vi har tilsette frå fleire land, og vi ser at gode fritidstilbod for alle aldersgrupper er med på å gjere integreringa lettare. Difor er det naturleg for oss å samarbeide med Bergsøy IL – Fotball, seier regiondirektør i Marine Harvest, Asgeir Hasund.

Han er imponert over den satsinga som har vore i Bergsøy IL siste åra, ikkje minst på anleggssida. Ikkje minst når det gjeld tilbod for born og ungdom er det viktig for Marine Harvest å vere på bana.

Marine Harvest har vore samarbeidspartnar med klubben i mange år, og dagleg leiar Tom

Beddari er nøgd med at ein ny avtale no er signert:

– At Marine Harvest ser verdien i det vi har utvikla, og ønskjer å vere med vidare for å ivareta og vidareutvikle klubben, er svært gledeleg. Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein enda betre plass å bu, og det dreg samarbeidspartnarane våre også nytte av, seier Beddari til Vestlandsnytt.

Han er tydeleg på at det er viktig for Bergsøy Il–Fotball å få spelarane til å vere med på idretten så lenge som mogleg. Ein er avhengig både av frivillig innsats og løna kompetanse. I tillegg treng ein også moderne og gode anlegg.

Våre langsiktige samarbeidspartnarar, som Marine Harvest er eit utmerka døme på, er avgjerande og viktige for oss. Eg er trygg på at begge partar dreg nytte av samarbeidet, avsluttar ein glad Beddari.