Bjørn Holum, som er arrangementsleiar i Herøy, kan legge fram resultata for fjorårets billettsal, for både Fosnavåg konserthus og Fosnavåg kino. Billettsalet utgjer store delar av den totale omsetjinga.
1,3 millionar i auka billettomsetjing
Fyrste post på statistikken er Fosnavåg konserthus. Her er det gledeleg å kunne annonsere at talet på besøkande auka frå 14.375 i 2017 til 15.744 i 2018. Dette svarar til ein prosentvis auke 9,5 prosent, eller 1369 fleire besøkande. Talet på arrangement auka også i forhold til 2017, frå 92 til 97 i fjor. Økonomisk sett har dette ført til at konserthuset har auka si omsetjing med like under 1,3 millionar kroner, ein auke på 33 prosent i forhold til billetomsetjinga for 2017, som var på om lag 3,9 millionar.
– Går ein inn i tala ser ein at der er ei god blanding av både eigne arrangement og arrangement der folk leiger seg inn. Her er ein del godt besøkte konsertar, og nokre vi gjerne skulle hatt endå meir utteljing på. Men alt i alt er det bra med 33 prosent auke, seier Holum.
Han dreg spesielt fram årets førjulssesong som ein kjempesuksess.
– Her klaffa veldig mykje og tala tyder på at vi leverte eit veldig bra tilbod som folk ønskte seg.
I tillegg til suksessen rundt julekonsertane vil Holum trekke fram arrangement dei har hatt med lokale aktørar.
– Eg vil rose alle dei arrangementa vi har hatt med lokalt innhald. Vi har mykje spanande å by på her ute, og det viser seg at også dette er svært populært, seier han. Han nemner dømevis «Fosnavågrevyen» og «Bryl og vinyl» som klare publikumsfavorittar.
Svak omsetningsauke for kinoen
Sjølv om kinoen ikkje nødvendigvis kan matche konserthuset sin billett-omsetjingsvekst, peikar pilene framleis i korrekt retning også på denne posten. Kinoen kan nemleg vise til ei svak auke på 4 prosent i si billettomsetjing, frå 2.082.856 til 2.164.983. Det vil seie 82.127 kroner meir. Veksten blir stilt i eit litt betre lys i det ein ser at det har vore ein nedgang i talet på kinoframsyningar i fjor, frå 1217 og ned cirka 10 prosent til 1095. Dette hadde også truleg sin effekt på besøkstalet som høvesvis gjekk ned med 1 prosent, frå 25.856 til 25.612.
– Eg vil seie vi ligg ganske stabilt når det kjem til kinobesøket. Vi har auka litt i billett- prisane noko som har gitt utslag med litt sterkare billettomsetjing, trass i litt færre visingar. Eg skulle likevel ønskt vi hadde litt meir besøk i året som var. Eg hadde til dømes eit håp om at årets juleprogram skulle engasjere fleire.
Holum seier seg nøgd med fjorårets nysatsing som gjekk ut på å tilby litt andre typar filmar enn berre dei klassiske storfilmane.
– Filmperleframsyningane med arrangement, som til dømes kulinarisk kino, er noko vi kjem til å halde fram med i det komande året, fortel Holum.
2018 sine topp 10 filmar
Elles kan Vestlandsnytt også presentere ei topp 10-liste som viser kva filmar som blei mest besøkt i 2018. Her ser vi at musikalfilmar var svært populære i havgapet. Samtidig ser vi at dei norske filmane hevdar seg sterkt i kampen mot dei store Hollywood-satsingane. Lista ser slik ut (tala er det totale besøkstalet):
1: Mamma Mia: Here We Go Again! 1 634
2: Skjelvet 1 330
3: Den 12. mann 1 084
4: Månelyst i Flåklypa 1 022
5: Mission: Impossible Fallout 799
6: Avengers: Infinity War 723
7: De Utrolige 2 695
8: Bohemian Rhapsody 650
9: Utøya 22. juli 611
10: A Star is Born 606
Jubileumsår
2019 blir eit jubileumsår for både konserthuset og kinoen, då det er fem år sidan Herøy si storstove blei opna.
– Eit slikt jubileum må vi sjølvsagt feire, og det skal vi gjere til hausten, utan at eg vil røpe meir på noverande tidspunkt.
Det Holum derimot kan seie, er at han lovar nok eit varierande og spennande år både på kino- og konserfronten.
– Vi har allereie eit spanande vårprogram folk kan sjekke ut på heimesida vår. Elles vil eg anbefale folk å ta ein kik på komande kinopremierar. Her er mykje spennande, både frå Norge og Hollywood, seier Holum.
Han legg også til at dei i 2019 vil auke satsinga si mot å kunne tilby direkte-streaming av store arrangement som til dømes konsertar.
Optimist
Det at ein i år feira fem år er for Holum også ein grunn for optimisme.
– Vi har fått erfare ein del så langt og kvart år føler eg vi er betre rusta til å møte nye utfordringar. Eg vil derfor kalle meg optimist også for det nye året.
Holum er likevel klar på at dei har ulike utfordringar som skal handterast.
– Eg skal ikkje legge skjul på at vi har fått eit innsparingskrav vi tek på alvor. At driftskostnadane må litt ned, er noko vi har full respekt for. Det noko vi etter beste evne vil prøve å innfri. Likevel vil eg be om respekt for at vi også ynskjer å satse litt, for dette gir resultat på lang sikt. Eg vil ikkje gi eit inntrykk at vi går på sparebluss, og håpar på forståing for det, avsluttar Holum.