– Eg må minne om vedtaket i kommunestyret nyleg. Det at Gjerdsvika og Sandsøya har skule i alle fall fram til 2020, er ein sjanse dei har fått, og der vi skal sjå an den vidare utviklinga i barnetalet, sa Skarmyr.

På dette tidspunktet i budsjettdebatten kunne det verke som om formannskapet var på full fart inn i ein ny strukturdebatt. Det skjedde etter at oppvekstsjef Øystein Johansen hadde orientert om kva fylgjer dei tronge budsjettrammene vil få for oppvekstsekt- og kultursektoren i 2019.

Bakgrunnen er som kjent at Sande kommune har store vanskar med å få balanse i budsjetta dei komande åra.

Privatskule trugar grendeskular

Johansen innleia med å slå fast at han har prøvd å vere konstruktiv, og kutte der det kan få minst konsekvensar for brukarane, utan «fatale fylgjer», som han uttrykte det.

– Det vert ein stram balansegong for å unngå å bryte lover og forskrifter, og dette set krav om smart organisering og hard jobbing, sa Johansen.

Sektoren må ta vekk kulturmidlar, kutte i skulebøker og anna. Johansen håpar å sleppe oppseiingar.

I Johansen sin dialog med politikarane kom det fram at 13 born frå Sande for tida går i andre skular, mellom anna på den private skulen i Myrvåg. Slik «avskaling» kan gjere det utfordrande å halde oppe grendeskulane, og ikkje minst har det påverka situasjonen i Gjerdsvika.

– Det er ingenting vi kan gjere med det. Vi får berre ein kopi av eit vedtak, og beskjed om at vi må betale, sa Johansen.

Arnljot Muren (Ap) var uroa for at få elevar i enkelte av skulane går ut over det sosiale, at nokre kjenner seg einsame, slik ungdomsrådet peika på for eit par år tilbake. Her peika Muren særskilt på Sandsøya, noko som fekk Bjørn Flatøy (Sande Vest) til å replisere at dette kan gjelde heile kommunen.

Debatten gjekk detaljert til verks, heilt ned på individnivå. Muren lurte på «kva vi held på med» og spurde om strukturen øydelegg oppvekstmiljøa. Flatøy gjentok sitt forsvar av å halde oppe Gjerdsvika skule, ei bygd i vekst og med sterke satsingar i næringsliv.

Det var her Skarmyr minna om det ferske strukturvedtaket og mana til ro.

Etter ei orientering frå teknisk sjef Kjell Martin Vikene nytta Ruth Anita H. Rekdal (H) høvet til å spørje om brannvarslinga ved Larsnes skule, eit felt som tydelegvis er forsømt.

«Yngrebølgje» i omsorg

Til budsjettsaka hadde også helse- og oppvekstsjef Bård Dalen ei utgreiing om konsekvensane eit trongt budsjett vil få.

– Det er sett av 700.000 kr til IKT. Eg trur denne summen må bli høgare, for at vi skal halde oppe satsinga innan velferdsteknologi, sa Dalen.

Han fortalde om stadig meir ressursbruk inn mot pleietrengande brukarar som er frå 67 år og nedover. Det kan her dreie seg om mange årsaker, mellom anna funksjonshemming, rus og psykiatri.

– På same tid ser vi at eldrebylgja ikkje er så stor for tida. Mange har siste året døydd, og vi har høve til å gjennomføre den skisserte stenginga av nokre rom på sjukeheimen, som eitt av fleire sparetiltak, sa Dalen.

– Mange eldre har også flytta til andre kommunar, skaut Jon Garen (Ap) inn. Og Dalen kunne stadfeste at dette kanskje er eit aspekt opp i det heile.

– Midt oppe i denne prosessen, der vi frå nyttår skal slå saman sjukeheim og heimebasert til éi eining, er det viktig at vi klarar å motivere våre dyktige tilsette, la Dalen til.

Førebels er ei mogleg innføring av eigedomsskatt berre lausleg nemnt av rådmannen, og ligg ikkje inne i framlegget til budsjett for 2019.

Formannskapet fekk denne gongen orienteringar, og drøfta stoda lausleg. Eventuelle endringar frå politisk side vil kome seinare. Det spørst også kor mykje rom det finst til flytte på pengar i eit budsjett som denne gongen er skore litt inn i beinet.