Det syner ferske tal for tredje kvartal 2018 som Statistisk Sentralbyrå presenterte denne veka.

Både Vanylven og Sande har opplevd ein folketalsnedgang på 20 personar i løpet av dei tre første kvartala i år (så langt i 2018). I Herøy vart det minus 26, medan det vart to færre innbyggjarar i Hareid.

I same tidsrom steig folketalet i Ulstein med 12 personar i. Vi merkar oss elles at folketalet i Ørsta steig med heile 66 i tredje kvartal, medan Volda noterte seg for minus 7.

Tredje kvartal isolert

I tredje kvartal åleine var Ulstein vinnaren i vår region, med ein pluss på 21 personar. Herøy fekk ein tilbakegang på 19, Sande gjekk tilbake med åtte, Vanylven fekk tre færre og Hareid minus 13.

Fødde/døde

Ser ein litt bak tala, er det store variasjonar når det gjeld fødselstal, kontra dødstal.

I Sande er det i løpet av dei tre første kvartala registrert 12 nyfødde, medan det er 27 døde. Fødselsoverskotet er soleis på minus 15, noko som er hovudårsaka til folketalsnedgangen.

Herøy har 64 fødde og 53 døde, altså eit pluss på denne rekneskapen på 11. Men her er nettoinnflyttinga på minus 37, noko som forklarar tilbakegangen i folketal så langt i år.

Ulstein har 64 fødde, men berre 36 døde, noko som gir eit fødselsoverskot på 28. Ulstein har samstundes også eit pluss på 12 når det gjeld flyttebalansen.

I Hareid er det meir status quo, med 39 fødde, 34 døde og ei nettoinnflytting på minus sju.

Vanylven opererer med 18 fødde og 33 døde, likt med Sande i fødselsunderskot (-15).

Høge fødselstal i aust

Vi merkar oss elles at fødselstala innom fjorden er gode i høve til dei største kommunane i ytre. Ørsta har 96 nyfødde, Volda 91, og begge desse kommunane har bra fødselsoverskot (fødde minus døde).

Folketalet ved utgangen av tredje kvartal på Søre Sunnmøre;

Vanylven 3.167

Sande 2.502

Herøy 8.939

Ulstein 8.595

Hareid 5.148

Volda 9.180

Ørsta 10.878