Fylket har i år ein million kroner å fordele i tilskot til kulturminne og kulturmiljø med regional og høg lokal verdi. Rønneberghuset (bildet) på Larsnes og Vedhuset på Haugsholmen står mellom dei prioriterte på fylkesrådmannen sitt tildelingsforslag med høvesvis 40.000 og 25.000 kroner. Herøy har ikkje noko prosjekt på tildelingslista. Forsamlingshuset Vonheim på Flø er derimot tilrådd med 95.000 kroner.