– Vi hadde bestemt oss for å vinne, og vi spela seriøst frå første sekund, seier trenar Igor Dokmanovic.

Det handla om å bevise – både for seg sjølve og for det andre laget – at Bergsøy var betre enn dei, seier han.

– Alle spelarane våre gjorde jobben sin og spela godt. Vi kontrollerte kampen i 60 minutt, held trenaren fram.

Beate Myklebust utmerka seg som vanleg, denne gongen med heile ti mål.

Til Oslo

Neste helg spelar Bergsøy-damene to bortekampar i Oslo, mot Aker Topphåndball 2 og Nordstrand.

– Det er to gode lag som det vert tøft å møte. Eg har ikkje store forventningar til dei kampane, seier trenaren.

På spørsmål om han trur damene vil halde seg i divisjon til neste sesong svarer han:

– Eg veit ikkje. Det vert vanskeleg, men eg har håp. Vi kjem til å gi 100 prosent, og så får vi sjå kva som skjer.