Det var ein jamn 1. omgang der det var sjansar for begge lag. På ei tørr kunstgrasbane var det heimelaget som fekk scoringa då Nikolas Fjørtoft sette inn 1–0 etter 31 minutt. Men det skulle vore frispark til keeper Petter Aasen i forkant. Ein Rollon-spelar gjekk altfor hardt inn i Aasen og ballen landa i beina på Fjørtoft på ope mål.

Etter dette kunne Bergsøy utlikne ved Andreas Mulelid Kvam som trefte stolpen. Daniel Jøsok Kvalsvik heada også like over frå god posisjon. Dermed stod det slik til pause.

I andre omgang auka temperaturen. Bergsøy hadde ballen, men Rollon forsvarte seg godt. Berre nokre få sjansar kom Bergsøy, og taklingane hagla tett. Heimelaget beina ballen vekk og kriga godt, dermed kunne dei juble for tre poeng etter kampslutt.

Surt tap

Trenar Toni Sandanger var i lag med resten av laget særs skuffa etter kampen.

– Eit surt tap. Det var ein ekkel kamp å spele med null finspel. Vi prøvde å legge ein plan for å bryte dei ned, men vi vinn ikkje duellane og Rollon var sterke der. Målet som dei får er frykteleg svakt av dommaren, særs irriterande. Vi skapar nok til å få eit resultat, men dei ligg lågt og nektar oss rom. Eg har ingenting til overs for måten Rollon opptrer på. Men no skal vi slå tilbake mot Godøy. Dei skal få det tøft mot oss i det som er ein jamn liga, avsluttar Sandanger.