I samlinga hans er det flasker i alle storleikar og fasongar. Ei er forma som ein fot med strømpe på og ei anna som ei skipsklokke. Så har han også ei som har form som ein fotball. Nokre er så små at det kan vere vanskeleg å få auge på dei for ein tilårskomen mann. Før Raymond byrja som flaskesamlar, brukte han mykje tid på å samle på sigarettøskjer, glansbilete, serviettar, bruskorker og mykje anna.
Det var berre eit lite steinkast mellom min heim og heimen til Raymond. Derfor kunne eg lett fylgje med i interessa hans for flasker og korleis det heile utvikla seg. Den joviale, men standhaftige, krølltoppen til Kari og Mads Leine var ofte å sjå på veg opp eller ned Skarabakken, der han budde, med minst éi flaske i kvar hand. Det var ikkje brusflasker han samla på.
– Når det hadde vore laurdagsdans på salige Bergshall, var eg tidleg på plass søndags morgon for å leite etter flasker. Det var særleg mykje tomgods i området rundt Bergshall. Over 90 prosent av flaskene eg fann der, var av merka Smirnoff og Martini. Var der att ein liten skvett i flaskene, slo eg det sjølvsagt ut, fortel Raymond og legg til at det sjeldan var originalvare i desse flaskene. – Det var for det meste heimebrygg. Synest å hugse at heimebrent var heller sjeldan vare i Herøy på den tida, fortel Raymond nesten femti år etter at han fekk dilla på å samle flasker.
Foreldra til Raymond ville ha han til å slutte med denne litt spesielle hobbyen og bad han derfor innstendig om å finne seg ein ny og meir vanleg hobby. Men Raymond var sta og heldt på sitt. Han hadde allereie bestemt seg for at dette var noko han ville satse på. Raymond sa klart ifrå om at han i løpet av livet skulle samle minst 10 000 flasker. Då Kari og Mads høyrde dette, gav dei opp forsøket på å overtale den standhaftige gutungen. No forstod dei at å få Raymond til å slutte med å samle på tomflasker, var like utopisk som fred på jord.
Raymond fekk tildelt eit kott på loftet, der han skulle plassere alle flaskene. Med jamne mellomrom inviterte han meg på besøk for at eg skulle få sjå korleis det gjekk med samlinga hans. Eg har notert at eg var der i august 1977, og at Raymond, som då var 13 år, hadde 812 flasker i samlinga si. Det bør nemnast at han hadde berre eitt eksemplar av kvar type flaske, slik er det også i dag. I september 1983 var talet på flasker kome opp i 2111. Då var det så fullt på kottet at han også måtte ta mørkeloftet i bruk. Etter kvart minka det på plassen også der.
På denne tida byrja ein del aviser å skrive om Raymond og flaskesamlinga hans. I tillegg var han gjest i NRKs Nitimen, der han vart intervjua av legendariske Vidar Lønn-Arnesen. Etter dette var det svært mange, faktisk frå heile landet, som kontakta Raymond og ville gje han flasker. Pila peikte no rett opp, og det vart eit stort problem å finne plass til alle flaskene. I januar 1990, på 26-årsdagen sin, kjøpte han huset til (jordmor) Helga Nerem og innreidde kjellaren til det som i dag er kjent som Flaskegalleriet. Museet vart opna for publikum året etter.
For eit par veker sidan fekk Raymond tre sjeldne flasker frå Hogne Worren, barndomskamerat og utflytta fosnavågar. Han hadde vore ein tur i China og fann der flasker som Raymond ikkje hadde frå før i den flotte samlinga si. – Håper at eg også i åra som kjem, kan få tak i sjeldne flasker til galleriet mitt, seier Raymond – og legg til at han aldri har angra på at han valde akkurat denne hobbyen.