Brannsikringa av museumsbygningane på Brandal består av sprinkelanlegget som blei etablert i samband med innflytting i nye lokale i 1988. Etter den tid har museet om lag dobla arealet for utstilling. Brannsikringa har derimot ikkje blitt utvida i tilsvarande grad, og anlegget tek dessutan til å bli gammalt.

UNI-stiftinga skriv i ei pressemelding at Ishavsmuseet er eineståande i sitt slag. Museet speglar av ei historie, ein tradisjon, ei næring og eit spesifikt miljø som ikkje berre har nasjonal verdi, men også interesse vidare ut på grunn av den polare tilknytinga.

Ishavsmuseet er ikkje berre eit lokalt museum, men eit dokumentarsenter for selfangstsoga for heile landet.

UNI-stiftinga er ei allmennyttig stifting som gir økonomisk støtte til tiltak som vernar menneske og fortidsminne.