Det seier Knut Teige på starten av det fyrste fiskeriåret etter delinga av Teigenes-reiarlaget. Teigenes har 3000 tonn med sild som skal fiskast i 2019, og ifylgje Teige sjølv blir det spennande å sjå kva utslag auken i årets sildekvote vil gi på prisane.
– I fjor var det dei som gjekk rett etter nyttår som fekk best betalt, og vi trur det same kan vise seg å bli tilfellet dette året. Vi meiner vi kan få like bra prisar no som på hausten, og uansett er det viktig at ikkje alle tenkjer og gjer likt, seier Teige.
Usikre på starten
Av herøybåtane blir det neppe så mange som følgjer etter Teigenes på silda. Gunnar Sævik torer ikkje å seie noko sikkert, men trur dei fleste er veldig i tvil om kva som vil vere rett å gjere.
– Herøybåtane har tradisjonelt venta til hausten med silda, og det same trur eg vi kjem til å få sjå dette året, seier han.
Bra med sild på lager
Det nye året var ikkje ein heil dag gammalt då den fyrste fangsten med NVG-sild blei innmeld frå Kvænangen-området i Troms. I dette området blei det fiska sild også rett før jul, og ifylgje Sævik er det sild av ein annan storleik enn Kvænangen-silda herøybåtane kjem til å satse på. Det gjeld i alle fall dei store båtane.
– Denne silda bryr ikkje storbåtane seg om, seier Sævik, som også trur lagersituasjonen for sild no på nyåret er noko som talar for at mange vil vente med starten på sildefisket.
– Det verkar som om kjøparane er ganske bra oppfylt med sild på nyåret, legg Sævik til.
Han ser ikkje bort ifrå at fleire av båtane kan bli liggande stille heilt fram til det blir tid for kolmule når ein kjem litt lengre ut i månaden.
Spenning rundt prisane
Både Teige og Sævik ser på prisutviklinga som noko av det mest spennande med det nye fiskeriåret, og då særleg om sildeprisen kan halde seg når ein veit kva mengder med sild som marknaden skal ta unna dette året.
– Det er heilt klart prisane vi er mest opptekne av, seier Teige, som kunne gle seg over gode makrellprisar i 2018.
Likevel håper han på mellom ein femtiøring og ei krone meir på prisen som fylgje av at makrellkvoten skal ein god del ned i år samanlikna med fjoråret.
Eit anna spennande element i prisbildet er kva veg kolmuleprisen vil gå.
– Kan vi få 2,50 for råstoffet til mjøl og olje så vil det ha mykje å bety for resultatet av kolmulesesongen, seier Teige.
Men det er ikkje berre ringnotfiskarane som er opptekne av kva som skjer med makrellen. Det same er sjarkfiskarane, som etter nedslåande resultat dei to siste åra har all grunn til å vere spente på den komande dorgesesongen.
– Er det heilt slutt på makrellen, eller vil han kome igjen? Det er spørsmål mang ein sjarkfiskar ser med spenning fram til å få svar på, seier Sævik.
Fiskeripolitisk spenning
Heilt fritt for spenning blir det heller ikkje på det politiske fiskeriplanet. Stikkord her er deltakarlov og ressursavgift, og kva Stortinget vil kome til å gjere med forslaga som Eidesen-utvalet har lagt fram.
– Om Eidesen-utvalet får det som dei vil, skal til dømes kvoten frigjerast frå fartøyet og bli liggande berre på eigaren. Om det skjer er det mange som fryktar islandske tilstandar. Eg trur ikkje det blir resultatet, men kanskje blir det bygt skrankar som gjer at vi unngår at det berre blir storeigarar igjen også her i Norge, seier Sævik.