I motsetning til ringnotbåtane, er det vanleg at båtane i kystgruppa er tidleg ute med sildestarten.

– Det har med prisar å gjere, og i alle fall dei siste åra har prisane vore høgast heilt i starten på januar, forklarar Vestbas-reiar Tor Frantsen.

Om det same skjer i år, vil berre tida vise, så for den del er det vel best å håpe på ein oppgang framover, legg Frantsen til.

For gruppe 3 sild, som er storleiken på silda som no blir teken i Kvænangen-området, startar året med ein minstepris på 3,50.

– Tidlegare ønskte fiskarane at forskarane skulle sett opp kvotane, men no er det vel kanskje like bra dei blir haldne nede når ein ser kor sterkt kvoteauken slår ut på prisen, seier Frantsen.

Dette året kan det fiskast om lag 35 prosent meir NVG-sild enn i fjor.

Herøy sin andre kystsnurpar, Jøkul, starta året med verkstadopphald og må vente litt med sildestarten.