Dermed må Prosjektbygg ut med meir sakskostnader, denne gongen 376.765 kroner.
Bakgrunnen til saka er at Volda kommune i 2016 lyste ut ein tilbodskonkurranse; «totalentreprise med forhandlingar – klimaskjerm, Ivar Aasen-bygget». I innbydinga låg det også to opsjonar som ville ha auka oppdraget i vesentleg grad.
Ivar Aasen-bygget er ein del av Høgskulen i Volda, eit bygg kommunen eig.
Prosjektbygg vart valt
Volda kommune fekk inn to tilbod. Prosjektbygg As vart tildelt kontrakten 15. november 2016. Pris inkludert opsjonar i tildelingsbrevet var vel 24,3 millionar kroner. Seinare løyvde også Volda kommunestyre 38,6 millionar kroner til utbygginga.
Kontrakten mellom Prosjektbygg As og Volda kommune aldri vart signert. Det hadde dukka opp fleire usikre moment, og sentralt i striden rundt avlysinga står Høgskulen og konsekvensar arbeida ville få for skuledrifta.
Konkurransen avlyst
15. februar 2017 gav Volda kommune beskjed til Prosjektbygg om at konkurransen var avlyst.
25. april 2017 tok Prosjektbygg ut stemning med krav om erstatning for «kuvendinga» til Volda kommune. Kravet var avgrensa oppover til 4.783.000 kroner. Volda kommune påstod seg frifunnen mot å betale negativ kontraktsinteresse på 100.000 kr.
Volda kommune må betale for kontraktsbrot
Søre Sunnmøre tingrett kom 7. mars 2018 til at Volda kommune vert frifunnen, mot å betale 100.000 kr. Sakskostnadene, som Prosjektbygg As vart dømde til å betale, låg her på 290.000 kr.
Domen vart anka
20. april 2018 anka Prosjektbygg saka til Frostating lagmannsrett. Ankeforhandlingane vart gjennomførte 20. – 22. november 2018. I påstandsgrunnlaget frå Prosjektbygg As heiter det at det ikkje finst sakleg grunn til å avlyse konkurransen.
Prosjektbygg hevda i rettsforhandlingane vidare at dei kan gjennomføre arbeida med vanleg, full drift i skulebygget. Mellom anna var planen å gjennomføre dei mest kritiske byggjearbeida – opning og riving av tak – medan det var skuleferie.
Kommunen har på si side mellom anna lagt vekt på at føresetnaden om full drift ved skulen ikkje let seg gjennomføre, og at kommunen heller ikkje hadde pengar til å etablere til dømes brakkeløysingar som alternativ.
Lagsmannsretten resonnerte seg denne veka fram til det same synet som tingretten. Konklusjonen etter ei samla vekting av alle faktorar er at Volda kommune hadde sakleg grunn til å avlyse konkurransen. Anken vart dermed forkasta.