– Nei, det er ikkje vanleg. Lam bør, som ein tommelfinger- regel, ikkje kome før starten av april.

Dette seier Alv Ottar Folkestad om at det har blitt observer nyfødde lam både i Herøy og i Sande i dei siste februarvekene. Folkestad er elles leiar i Norsk Villsaulag og er i området kjent som ein dyreentusiast.

Kan førekome, men ikkje bra

– Det hender i ny og ne at det dukkar opp lam før lammesesongen byrjar for fullt. Det vanlege er at ein ser lamminga byrje siste dagane i mars og utover i april månad. Likevel er det mogleg at lam kan vere fødde så tidleg på året.

Folkestad forklarar at dette helst ikkje skal skje. Grunnen for dette er at det på denne tida av året er lite spirande gras.

– Det var sagt frå gammalt av at lamma skal gro med graset. Det som ligg i dette er at sauer skal ha vegetasjon i vekst å beite på. Dette skapar godt grunnlag for mjølkeproduksjon hjå sauen og gir derfor godt føde for lamma, forklarar Alv Ottar.

Overlever

Om eit lam er født for tidleg er det ikkje slik at det nødvendigvis ikkje klarer seg.

– Sauer kan fôrast med høy og kraftfor, så overleve vil dei nok gjere.

Folkestad forklarar at det som sagt handlar om å sikre ein sunnast mogleg oppvekst for lamma.

– Det handlar om at lam skal ha det godt.

Kan få represaliar

Skjer det at lam kjem før lammesesongen er det lover og regelverk som kan gi represaliar for eigarar. Hanndyrlova er klar på at eigarar pliktar å hindre for tidleg paring.

– Villsauer regulerer vanlegvis dette sjølve, men om ein ser lamming så tidleg som i februar, må eigarar ta ansvar og styre paringa for sauane.

Folkestad seier at folk som eventuelt har fått lam så tidleg på året truleg vil få pålegg om styring til neste sesong. Bøter er også ein lovfesta reaksjon.

Vestlandsnytt har vore i kontakt med ein person som har opplevt å få lam tidleg, men vedkomande ynskjer ikkje kommentere eller stå fram i avisa.