Det var onsdag Søre Sunnmøre Reinhaldsverk dukka opp i ytre Sande med svære bilar for å hente grovavfall, ei teneste SSR frå tid til anna gjer eksklusivt på dei to øysamfunna.
Problemet er at hentinga denne gongen ikkje var gjort kjend på førehand.
– Dette er ein glepp frå vår side. Vi kjem sjølvsagt til å annonsere neste gong. Likevel var det fleire som nytta seg av tilbodet, seier Heimdal når vi ber om ein kommentar.
– Så det er ikkje innført ein ny praksis?
– Nei, for all del, vi kjem sterkare tilbake og har sjølvsagt all mogleg interesse av at det kjem inn så mykje avfall som mogleg, humrar Heimdal.
Henteaksjonen var verken annonsert eller gjort kjend på kommunen si heimeside. Men på SSR si nettside låg det informasjon. Neste gong vert det inga «hemmeleg henting,», lovar Heimdal.