Ute i Gurskefjorden, på det elles lite besøkte Sandvikskjeret, rigga dei seg til med fullt trommesett, og heldt konsert!

Folk i bygdene rundt vart sjølvsagt svært nysgjerrige på kva som føregjekk. Etterkvart vart skjeret omkransa av fleire som kom sjøvegen for å få med seg det høgst uvanlege opptrinnet.

Ein av dei er Kevin Søvre Myklebust, kjend "bygdamusikar" i Gursken og omegn.

- Det vart ei konsertoppleving av dei sjeldne. Eg er rett og slett imponert over oppfinnsamheita og resultatet.

- Heile Haugsbygda høyrde trommeshowet. No gjenstår det å sjå om framføringa har lokka meir fisk til området ved Sandvikskjeret, seier Kevin.

Kombinasjon av interesser

Hovudpersonen sjølv, ungdomen med trommestikkene, seier tilbakemeldingane har vore fine etter stuntet.

- Kompisen min, Jakob Andre Sandvik, og eg, kom på dette for ei tid tilbake. Jakob og eg har alltid hatt interesse for sjøen, fjøra og musikken. So vi tenkte vi ville kombinere det, seier Hallvard Hauge til Vestlandsnytt.

Han fortel at dei allierte seg med Jasper Longva som går medialinja på vidaregåande skule i Volda. Han har teke bilda de ser i denne artikkelen.

Jasper filma seansen med drone, og planen er å redigere det saman til ein musikkvideo. Hallvard ynskjer å takke tre andre ungdomar, Ferdinand Longva, Jonas Sandvik og Ludvik Gurskevik som også hjelpte til.

Varslar meir moro

- Kva blir det neste, Hallvard?

- Kven veit, kanskje blir det konsert eller framføring på Sandviktua. Vi held alle moglegheiter opne, seier Hallvard.

For han fall det heilt naturleg å rigge til med nettopp trommesett på Sandvikskjeret. Både Hallvard og Jakob Andre spelar trommer, begge både i korps og kulturskule.

Og denne fredagskvelden fekk dei oppfinnsame ungdomane brusnytande gurskingar til å nyte kveldssola, nikkande til smektande rytmer frå gutane på Sandvikskjeret…