Laurdag 27. januar fylte Mona Olise Myrvang 40 år. Ho ønskte seg ingenting til seg sjølv, men 16 dagar tidlegare hadde ho laga ein innsamlingsaksjon for Kreftforeningen på Facebook. «Eg ønskjer meg at DU vil hjelpe meg å støtte ei god sak!», skreiv ho mellom anna i aksjonsomtalen.

Målet var sett til 4000 kroner. Det viste seg å vere altfor lågt. Mona måtte auke målsummen fleire gongar, og då Vestlandsnytt skreiv om ho 19. januar hadde aksjonen teke heilt av. Over 20.000 kroner var komne inn. Og då innsamlinga vart avslutta på Mona sin fødselsdag 27. januar var sluttsummen altså på 41.215 kroner.

– Det heile vart veldig mykje større enn eg hadde tenkt. Eg håper eg har inspirert andre til å tenkje litt alternativt, seier Mona, som elles er klar på at ho ikkje vil ha noko ære for suksessen, då gåva kjem frå folket.

Nokre personlege gåver fekk ho likevel.

– Mor og svigermor greidde ikkje dy seg, så dei gav litt til meg også. Og eg har aldri før fått så mykje blomster!