Krilselskapet til Stig Remøy, Rimfrost AS, fekk fredag fullt medhald i rettssaka som Aker BioMarine anla mot Rimfrost knytt til patenta for krilforedling. Det går fram i ein dom frå Søre Sunnmøre tingrett.

- Rimfrostselskapa har fått medhald fullt ut og Aker BioMarine Antarctic AS har tapt på alle punkt, slår dommen fast.

I rettssaka la Aker fram tre krav. Dei kravde eigarskap til patenta, og bruksrett. For det tredje hevda Aker å ha overtatt eit krav på erstatning frå Nordea og Innovasjon Norge for påstått urettmessig overdraging av patenta.

Aker BioMarine Antarctic AS vert dømt til å erstatte Rimfrost AS og Rimfrost Technologies AS sine sakskostnader med kr 2.300.000.

Det er førebels ikkje kjent om domen vert anka. Aker BioMarine har ein månad på seg til å bestemme seg for om dei eventuelt vil anke saka.

- Som forventa

- Vi er svært tilfredse med tingretten sin dom. Den står fram som grundig og solid fundert. Vi merkar oss at retten ikkje har vore i tvil om resultatet, seier advokat Ronny Lund frå advokatfirmaet Wiersholm, som er Rimfrosts prosessfullmektig, i ei pressemelding.

I meldinga går det også fram at hovudeigar Stig Remøy er tilfreds, men ikkje overraska over dommen i saka.

- Dommen er i tråd med det vi har forventa. Samtidg er eg oppgidd over Aker BioMarine sine mange forsøk på å stoppe ein konkurrent med dårleg funderte rettssaker. Trass i Akers mange forsøk på å stoppe oss både i retten og på andre arenaer, er Rimfrost eit sterkt selskap i vekst, seier Remøy.

Rimfrost har no to konsesjonar for krilfiske, men har per no ingen kriltrålar.

- Feil faktum til grunn

Til Dagens Næringsliv seier Ingeborg Tennes, kommunikasjonssjef i Røkke sitt krilselskap Aker BioMarine dette:

- Slik vi ser det har retten lagt feil faktum til grunn for si avgjersle. Retten har lagt til grunn at seljarens posisjon var svakare enn vi blei fortalt. Vi vurderar no om vi skal anke, dette for å sikre våre verdiar og investeringar.

Dette er saka:

Stig Remøy og Kjell Inge Røkke har i lengre tid konkurrert om dei enorme kril-mengdene i Sørishavet, som elles er verd milliardar av kroner. Aker BioMarine gjekk etter kvart til søksmål mot kril-selskapet til Remøy, Emerald Fisheries, med påstand om at selskapet hadde tatt i bruk Aker sin patenterte teknologi. Det førte til at kril-reiarlaget sin fiskebåt «Juvel» blei liggande uverksam. Selskapet gjekk konkurs i 2017. «Juvel» vart då kjøpt av Aker BioMarine på konkurssal. Det var her rettsspørsmålet starta. Aker-selskapet meiner at dei gjennom kjøp av «Juvel» også kjøpte kril-patenta om bord. Stig Remøy har på si side påpeika at desse patenta ikkje er eigd av det konkursramma selskapet Emerald Fishing, men av selskapet Rimfrost som han er hovudeigar i.

Tidlegare i år slo amerikanske Patent Trial and Appeal Board (PTAB) fast i ei anna sak at kril-patenta tilhøyrande Aker BioMarine er ugyldige. Desse patenta var også ein del av grunnlaget for Aker-søksmål mot Rimfrost i Delaware i USA og i US International Trade Commission (ITC), der Aker seinare har trekt ITC-saka.

Før saka kom opp i Søre Sunnmøre Tingrett hadde Aker BioMarine fremma krav om at saka måtte kome opp for retten i Oslo. Aker-selskapet anka spørsmålet heilt til Høgsterett, og tapte i alle tre rettsinstansar som vurderte saka.