Det kjem fram av ein e-postkorrespondanse Vestlandsnytt har fått kopi av frå kommunen.

– Samarbeidsutvalet ved Gjerdsvika oppvekstsenter sende ein e-post til dykk 21. november 2018 som vi framleis ikkje har fått svar på.

Det skriv foreldrerepresentant Kjersti Nordstrønen Værnes til kommunen, på vegner av foreldre ved barnehagen.

Foreldra vil ha tilfang

I brevet ho refererer til frå november, vert det synt til ei fersk synfaring av uteområdet ved barnehagen.

Her vert det slått fast at «det diverre ikkje er mykje som har endra seg».

I brevet frå november spør foreldra om nødvendig tilfang til generelt dugnadsarbeid som dei kan utføre.

– Vi har mala mykje ute, og ser stor betring av dette. No er leikehytta riven, og foreldra jobbar med å byggje ei ny, heitte det i innspelet som var sendt til kommunen ein månad før jul.

Foreldra fekk i september i fjor beskjed frå kommunen om at det ikkje er nødvendig å gjere dei store grepa viss skulen vert nedlagt.

– Det har uansett ikkje vore tema at barnehagen skal leggjast ned, og aktivitetar for aldersgruppene 0–3 år og 3–6 år er framleis like aktuelle. No er uansett vedtaket fatta om at skulen består, og uteområdet må takast tak i for både skulen og barnehagen, skreiv foreldra i si purring i november.

I strid med lovverket?

Her vert det også synt til barnehagelova, der det mellom anna vert slått fast at uteområdet skal utformast på ein slik måte at ein tek tak i små born sine behov for kroppslege utfordringar, og som fremjar leik, læring og omsorg. Det vert også synt til at kommunen pliktar å drive i samsvar med gjeldande regelverk.

– Vi finn ikkje mykje igjen frå lovteksten når vi ser på uteområdet ved Gjerdsvika oppvekstsenter, skriv foreldra. Og:

– Generelt er det lite her som stimulerer til motorisk utvikling og trygge omgjevnader for borna.