Det er kommuneadvokat Reidar Andresen som på oppmoding frå ordførar Arnulf Goksøyr og rådmann Olaus-Jon Kopperstad har sett nærare på dei sterke påstandane som Runde i det siste har kome med både i kommunestyret og gjennom lesarinnlegg i Vestlandsnytt.

Runde sine påstandar går mellom anna på forhold i barnevernet, og ei mor som blei trua med barnevernet av tilsette i kommunen.

No ber kommuneadvokaten han om å konkretisere kven og kva tid rådmannen eller nokon i hans stab blei kontakta i høve saka, og kven hos rådmannen som trua med barnevernet.

Rådmannen sentral

Andre påstandar går på manglande reaksjonar etter varsel på rådmannen. Dei fleste påstandane er retta mot rådmannen eller personar i rådmannen sin stab, og mellom anna hevdar Runde at rådmannen er ein sentral person i fleire titals graverande forhold.

Dette er openberrt ein påstand som krev dokumentasjon, skriv kommuneadvokaten og utfordrar Runde til å vere tydeleg på kva forhold han siktar til.

Du hevdar at du sit med fleire titals dokument der rådmannen er sentral. Eg må igjen be om at du her er heilt konkret og legg fram eventuelle dokument slik at desse kan vurderast og eventuelt kommenterast, skriv Andersen.

Kan få konsekvensar

Ifylgje kommuneadvokaten vil det kunne få konsekvensar for Runde om han ikkje kan dokumentere påstandane sine.

Andersen presiserer at både han og kommunen er innforstått med at ytringsfridomen er ein sentral del av det norske samfunnet. På den andre sida understrekar han at det også ligg føre nokre skrankar for ytringsfridomen. Desse knyter seg ikkje berre til krav om fakta, men også til at det ikkje blir framsett påstandar mot enkeltpersonar som kan oppfattast som krenkande av folks øreskjensle eller omdøme. Ein slik skranke er mellom anna nedfelt i skadeerstatningslova.

Vil ha møte

Kommuneadvokaten gir Runde kort frist til å legge fram dokumentasjon av påstandane. I tillegg blir han invitert til å møte rådmannen og formannskapet, bak lukka dører, på fyrstkomande møte i formannskapet.