– Den 18. juni engasjerer vi alle elevane på skulen til ein stor rydde- og innsamlingsaksjon. Då skal alle og ein kvar ut å rydde søppel og rot i kommunen.

Det fortel elevrådsleiar ved Herøy VGS, Tiril Torvik. Saman med to andre representantar frå elevrådet, Jørgen Kløvjan Ringstad og Viola Andersson, er dei godt i gang med å forklare deira siste velgjerdshandling på skulen, ein kombinert rydde og innsamlingsaksjon.

– Dette er noko alle vil tene på. Kommunen og innbyggjarane får reinare natur, vi gjer ein innsats for miljøet, alt til inntekt for barn og folk som lev i vanskelegstilte situasjonar. Det er ein vinn vinn-situasjon, smiler Ringstad.

Barnelandsby i Nairobi

Det heile starta i fjor etter den nasjonale OD-dagen. Skulen fekk då besøk ifrå Preben Dimmen frå det Spjelkavik-baserte NSP Aid. Han fortalde elevane om organisasjonens arbeid med bygging og støtte til barneheimar og skular i Etiopia og Kenya. Så langt har meir enn 1.000 barn fått hjelp gjennom arbeidet, og no skal endå fleire få hjelp når deira nye barnelandsby Malaika Children’s Village etter kvart kjem på plass. Herøyelevane har sett seg mål om å samle inn midlar til bygginga av barnelandsbyen. Håpet er at fleire hus skal vere knytt til skulen. I husa vil barn få omsorg, mat, skulegang og medisinar. I kvart hus skal det også bu ei «mor», forklarar elevrådet.

– Gunnar Hamnøy som står bak initiativet driv organisasjonen sin på ein transparent måte der vi får fult inn syn i rekneskapen som gjer oss i stand til å verifisere at pengane vi samlar inn går til dei det skal, forklarar Torvik.

– Dessutan skal eg, Kanutte Kopperstad (medelev red. mrk.) og Tiril reise ned til Kenya neste år saman med ein lærar for å sjå korleis arbeidet går. Det er bra, for då blir vi endå meir inkludert i prosessen, forklarar Andersson.

Reisa blir dekt av organisasjonen, forutan om Torvik som sjølv planlegg å reise dit utanfor organisasjonens regi.

Treng hjelp frå næringslivet

Men, tilbake til ryddeaksjonen.

– Korleis tenker de å samle inn pengar ved å rydde, spør vi dei tre eldsjelene.

– Vi jobbar no med å få til samarbeid med lokale givarar og næringsliv. Tanken er at ein skal kunne gi beløp som støtter ryddeaksjonen. Desse vil år rett inn i potten vi gir til Malaika Children’s Village, forklarar Torvik.

– Sparebanken Møre har til dømes allereie valt å støtte oss med eit vist pengebeløp for kvar seg g med søppel vi samlar inn, og vi inviterer alle til å gjere det same. Det treng ikkje vere store beløpa heller, det hjelper sjølv om ein berre gir litt, forklarar Ringstad.

Dei forklarar at prisen per bustadhus i landsbyen er stipulert til cirka 500 000 kroner inkludert infrastruktur. Elevane håpar derfor at dei samlar inn …

– Ein heil haug med pengar så kan kome fattige til gode, smiler Torvik.

Ikkje berre Herøy-skulen

Det er ikkje berre Herøy vgs. som er engasjert med innsamling til NSP Aid og Malaika Villages i Kenya. Haram, Borgund, Spjelkavik og Ulstein vidaregåande skular er også med på laget. Ålesund vgs. med avdeling Latinskolen og Volsdalsberga jobbar også for kjøp av tomt til skulen «Prince of Peace» i Kawangware slummen i Nairobi i Kenya.