Herøy formannskap har sett ned ei tverrpolitisk arbeidsgruppe som skal jobbe med å lose viktige samfunnsprosjekt trygt i hamn. Eitt av prosjekta, og det som på kort sikt hastar aller mest, er utdjupinga av Fosnavåg hamn. Her har det dukka opp nye og krevjande utfordringar som må finne si løysing før det er for seint.

Hamn, bru og skule

Det er Arnulf Goksøyr (H) som, saman med Svein Gjelseth (A) og Solveig Båtsvik (Frp), er tildelt den viktige oppgåva med å sikre at det viktige hamneprosjektet kan bli realisert.

I tillegg til Fosnavåg hamn har gruppa også fått Nerlandsøy bru og ny Herøy vidaregåande skule som spesialområde. All desse prosjekta blir sett på som særs viktige for utviklinga av Herøy-samfunnet framover.

Tverrpolitisk styring

-I desse sakene vil det vere viktig med sterk tverrpolitisk styring som sikrar at prosjekta blir realiserte og kjem i hamn i tråd med kommunestyret sine intensjonar og føringar.

Det understrekar rådmannen, som tok initiativet til å få nedsett den nye arbeidsgruppa gjennom ei sak til siste møtet i formannskapet.

Nye utfordringar

Rådmannen sin intensjon har vore å vidareføre samarbeidet som gav positiv effekt for Fosnavåg hamn sist haust. Men i det siste har dette prosjektet møtt nye utfordringar som det hastar å finne løysing på.

Det gjer at prosjektet enda ikkje er i mål, og arbeidsgruppa står overfor fleire utfordringar som må løysast innafor korte fristar. Det dreiar seg ikkje minst om å sikre det viktige tilskotet til miljødelen av utdjupingsprosjektet.

Manglar avtale

Det er vekklegginga av ytre hamneområde som deponeringsplass for ureine massar som har skapt den nye og uavklarte situasjonen for hamneprosjektet. Når all masse må fyllast på indre, vil det oppstå konflikt med grunneigarar som kommunen enda ikkje har avtale med. Kommunen har nemleg ikkje avtalar som sikrar at massane kan fyllast i hamna si fulle breidde, men her håper dei det kan finnast ei løysing.

-Dagens eigarar vil ikkje vere med, men vi har ein god dialog med dei som ser ut til å kunne bli nye eigarar av området, seier Goksøyr.

Utan ei «tvers over»-løysing vil fyllinga måtte kome enda lenger ut i hamnebassenget, og det blir sett på som lite heldig.

Ei heftig sak

Ei anna stor utfordring blir å få sikre dei om lag førti millionar kronene som det er forventa at Miljøverndepartementet skal bidra med til miljødelen av hamneprosjektet.

I verste fall vil kommunen måtte forskottere både miljøtilskotet på vel 40 millionar, Kystverket sine rundt 50 millionar og to kaier i tillegg.

-Dette blir ei heftig sak som vi per i dag ikkje veit om kommunestyret vil vere med på, seier Goksøyr.

Arbeidsgruppa har sett seg som mål å få ei reguleringsmessig og økonomisk avklaring av prosjektet i 2018, og at utdjupinga kan kome i gang i 2019. I den samanhengen vil dei prøve å få miljøvernministeren til å kome på besøk.

-Vi må greie å formidle kor mykje dette prosjektet vil ha å bety både miljømessig og med tanke på næringsutvikling, seier dei tre.

Må samle oss

Både når det gjeld Fosnavåg hamn og dei to andre prosjekta, ser gruppa som si hovudoppgåve å få gjennomført kommunestyret sine vedtak.

-Vi må bli flinkare i Herøy til å ta kampen når kampen står, og samle oss når det kjem til gjennomføring. Det må vere eit viktig signal frå oss, seier dei.