Både i Herøy, Ulstein og Hareid minka talet på arbeidsledige i juni. Desse tre kommunane har heilt sidan offshorekrisa sette inn vore stabilt plassert i øvste skiktet av fylket sin arbeidsløysestatistikk. Det gjeld særleg Hareid og Herøy, og som dei einaste i fylket har desse to kommunane framleis over fire prosent av arbeidsstyrken utan arbeid.
Også Ulstein, Ørsta og Sande ligg over fylkessnitten, som no er på 2,2 prosent, medan Vanylven og Volda er med og pyntar på fylket sine arbeids- løysetal. Ved utgangen av juni var tala slik: Hareid 4,3 %, Herøy 4,0 %, Ulstein 3,3 %, Sande 2,7 %, Ørsta 2,3 %, Volda 1,7 % og Vanylven 1,2 %.
I Herøy er no 183 personar heilt utan arbeid etter ein nedgang på 14 i juni. Ulstein og Hareid hadde ein nedgang på høvesvis 13 og 11. Dei fire andre kommunane fekk ein samla oppgang på 12.
Medan Volda har ein god kjønnsmessig balanse, er det i dei andre kommunane stor overvekt av menn på lista over arbeidssøkjarar. Det same gjeld også dei fleste andre kommunar med maritimt prega næringsliv.
Av til saman 3080 arbeidsledige i fylket er 1836 menn. Det samla talet på arbeidsledige i fylket er no 655 lågare enn for eit år sidan, viser NAV Møre og Romsdal sine tal for juni.
-Vi har hatt ei god utvikling med samanhengande nedgang i arbeidsløysa det siste halvtanna året, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV.
Veland framhevae særleg Herøy, Ulstein og Hareid som kommunar med positiv utvikling den siste månaden.
Mellom dei arbeidsledige rettar NAV spesielt stor innsats mot personar under 30 år, mot innvandrarar utanom EØS og mot dei som har gått lenge utan arbeid.
Veland peikar på at innsatsen innafor alle desse gruppene har betalt seg med god utvikling det siste året.
-Arbeidsløysa mellom personar under 30 år har minka med 17,4 prosent til 895 det siste året. Mellom innvandrarar utanfor EØS er tilsvarande tal 8,4 prosent til 553. Det er og færre mellom dei arbeidsledige som har vore arbeidssøkjarar i meir enn eit år. Her er reduksjonen det siste året på 13,9 prosent til 969, seier Veland i ei pressemelding.