–Årsaka veit eg ikkje, men taket stod i full fyr, seier brannsjef Kjell Martin Vikene.

Det vart slått full alarm då det tilsynelatande var full fyr i eit bustadhus midt på øya Voksa litt etter klokka 12 onsdag. Mannskap frå det lokale depotet på Sandsøya rykte ut. Det same gjorde også mannskap frå Kvamsøya og Larsnes.

Etter relativt kort tid fekk brannvernet kontroll på staden. Etterpå vart det drive ettersløkking og gjort ein del undersøkingar på staden.

– Det er veldig tørt i terrenget, og folk må vere merksame spesielt når det i tillegg bles litt, kommenterer brannsjef Vikene etter den heller uvanlege brannen på Voksa.