Dette er eit spørsmål som det sjølvsagt er delte meiningar om. I avisene og lærebøker kan vi lesse at jorda vart til for mange milliardar år sidan, men nyleg så såg eg eit program der det vart hevda at den ikkje kan vere meir enn ti tusen år. Dette var interessant og eg er einig i dette sjølv om det ikkje er « politisk rett»
På skulane vert borna indoktrinert med darwinisme og utviklingslære. Alt liv har vorte til ved ei tilfelle utan at noko høgare makt har vore inne i biletet. Det må vere lov til å stille spørsmål ved denne læra då den er heilt usannsynleg. Alt liv må kome frå ei kjelde og ingen ting vert til av deg sjølv! For at noko skal utvikle seg må det stadig ny informasjon til. Alt i naturen er svært komplisert og vi menneske kan ikkje kopiere det som Gud har skapt. Sjølv den enklaste celle er kolossalt vanskeleg å skjøne. Vi må nok bøye oss i støvet for Skaparen. Hovmod står for fall!
Kva er argumenta for ei ung jord? Forskaren på tv sa at der var over seksti bevis. Det eine er at hastigheita på lyset ikkje er konstant slik dei trudde før. For tusen av år sidan gjekk lyset mange gongar så fort som det gjer i dag og difor gjekk det fort å få danna fjella og det tørre land. Ein annan ting er at om jorda var millionar av år, så ville det vere mykje meir folk på jorda enn det det er i dag. I tillegg ville det vore mykje meir olje og avfall.
Det med magnetfeltet rundt jorda er også eit viktig argument. Det vert stadig svekka og levetida til det kan ikkje ha vore så lang. Eg er ikkje vitskapsmann, men har hatt interesse for dette emnet i mange år, og har lese nokre bøker der denne saka vert belyst. Overlege Kjell Tveter tek ikkje med tidsaspektet i bøkene sine, men beviser at der er ein skapar bak det heile. Geolog Arve Misund som vi også har brukt til seminar på høgskulen, trur på ei ung jord.
Då menneska landa på månen i 1969 så vart dei overraska at der ikkje var meir støv. Dette viser også at jorda og universet ikkje kan vere så gamalt. Bibelen fortel at for om lag seks tusen år sidan skapte Gud himmel og jord på seks dagar og kvilde den sjuande dagen. Sidan han er Gud så vert han ikkje trøytt, og han treng ikkje millionar av år for å kvile seg. Han gjorde seg heller ikkje halvferdig, men skapte ei perfekt verd for oss menneske.
I fylgje utviklingslæra så er vi eit vidareutvikla dyr, men Bibelen fortel at Gud skapte menneska i sitt eige bilete, til mann og kvinne skapte han dei. Han velsigna menneska og gav dei ordre om å herska over fiskane, dyra og fuglane under himmelen. Dette skal vi ei dag stillast til ansvar for! Mange av tidsutrekningane av fossil og bergartar er fullstendig feil. I eit oppslagsverk fann eg at det første sikre bevis på busetnad var i Midt-Austen for seks, sju tusen år sidan.
Hans Reite