Ørsta ligg midt på tabellen og sist gong dei to laga møtte kvarandre til kamp slo Bergsøy til med 4–2 siger på bortebane.
– Det er klart, tapar vi no blir eit eventuelt opprykk veldig vanskeleg. Men vi ser det gong på gong, vi leverer stabilt og tapar nesten ikkje kampar. Slår vi Ørsta og held oppe trykket, skal det berre ein tabbe til frå AaFK 2 før vi står side om side i kampen om opprykk.
Det seier ein kampklar Toni Sandanger før fredagens batalje. Han seier at det regjerer ein vinnarmentalitet på treningane og at troppen trenar godt.
– For oss er det også uhyre viktig å takke for støtta frå publikum. Dei løftar oss verkeleg i kampane, seier han.