Om ikkje julestemninga sneik seg innpå med minusgrader og rim på kyrkjeruta, skulle det noko til å halde ho attende då dei unge jentene Ane Baade Hasund og Bertine Skeide-Dyrhaug leia an i «Nå tennes tusen julelys». Med mektig korsong i ryggen sette dei verkeleg tonen for resten av førjulskonserten til Leikong blandakor fredag kveld. Ikkje overraskande var det folkekjære og kjende julesongar som utgjorde majoriteten av songrepertoaret. Men det var heller ikkje fritt for eit og anna gospel-innslag.
Tala om si tru
Halvvegs i programmet tok Sissel Riise ordet. Ho fortalde om sitt liv i kristen tru, og tok mellom anna publikum med tilbake til barndomstida på søndagsskulen. Etter litt mimring kom ho også inn på korleis ho, gjennom sitt vaksne liv, har vorte meir bevisst på spesielt éin ting:
– Det er korleis eg ofte har venda meg til Gud med bøn om små bagatellar. I ettertid har eg vorte meir oppteken av å vere takksam. For meg er det viktigaste å takke, og ikkje å be. Å takke for stunder som akkurat denne i kveld, sa ho til forsamlinga.
Fleire solistar
I rolla som dirigent og pianist fann vi Kjetil Eiksund, som dirigerte vakre tonar ut frå dei om lag 25 songarane i koret, ei rolle han elles har hatt i fleire tiår. Fleire av songarane i koret fekk også vise fram stemmene sine som solistar. Grete Hauge Saure var forsongar på to av julesongane, «Have Yourself a Merry Little Christmas» og «Julemotett». Aina Baade Hasund var solist då koret song «Jesus, What a Wonderful Child» og “Go Tell It On the Mountain», Dagni Myrene song «Christmas Lullaby» og May Britt Sætre Leikanger song «Mary, Did You Know». Til slutt fekk konserten ei mektig avslutning då koret song «O helga natt» med Per Ola Kleppe som solist. Om han kan vi ikkje seie anna enn at denne karen har ei manndomsrøyst som ganske enkelt er skapt for denne julefavoritten.