Dagens bortekamp mot Valder fekk ein heller kjip start for Bergsøy, då heimelaget etter berre få spelte minutt sette inn fyrste mål for kampen.
- Det som skjer på starten er ikkje spesielt bra. Vi har litt kommunikasjonssvikt i forsvarsspelet som gjer at Valder får fyrste målet. Likevel er det vi som trykker mest i kampen og skapar flest sjansar, fortel Bergsøy-trenar, Toni Sandanger.
Litt ut i 1. omgang sørga såleis Fredrik Muren for å utlikne. Han sette med det kampens fyrste mål for Bergsøy. Franjo Tepuric leverte også varene i det han banka inn ei straffe for Bergsøy like før pause. Stillinga til pause var då 2-1 til Toni Sandanger sitt mannskap.
Viktig bytte i 2. omgang
2. omgang var ikkje fri for spenning. Upressa putta Valder ballen i mål forbi Bergsøy sin keeper, Jakob Nerland, etter 10 minutt. Kort tid etter, gjorde Bergsøy nokre bytte. Inn kom blant anna Håvard Apelseth Hundenes, eit bytte som betalte seg seg då Hundenes sette inn Bergsøy sitt tredje og siste mål i kampen. Han sikra dermed at laget fekk med seg tre viktige poeng på bortebane i det som var vårsesongens siste kamp for Bergsøy.
- Herleg avslutning på vårsesongen
Med dei tre poenga gjer det at Bergsøy knivar i toppen av tabellen med Aalesund 2.
- Vi gjer det igjen. Vi vinn på bortebane og tek med oss tre viktige poeng. Dette var ei herleg avslutning på vårsesongen, seier Sandanger til Vestlandsnytt etter kampen.
Han nyttar også høvet til å skryte av laget sin innsats denne sesongen.
- Vi har gjort ein kjempesesong der vi leverar jamt og trutt. Vi hadde ein skikkeleg opptur med cupkampane, og vi har fleire unge spelarar som har tatt store steg. No kan vi ta ferie i nokre veker med god samvit før vi reiser på treningsleir på Lillehammer seinare i sommar, avsluttar Sandanger.