Fredag ettermiddag melde politiet om aktlaus køyring mellom Tjørvåg og Ulsteinvik.

Det er blant anna snakk om fleire nesten ulykker med forbikøyringar og kontakt med ein møtande bil i Myrvåg. Bilisten blei kontrollert i Ulsteinvik. Førar blei annmeldt og førarkortet til vedkomande blei beslaglagt.