– Folk har vel lagt merke til bøyene som er lagde ut og vindtårna som er komne på plass her og der som hurtigbåten passerer på styrbord side på veg til Ålesund, men få veit kva dette eigentleg dreiar seg om.
Slik introduserte Rune Garen foredraget til Nils Roar Hareide, Hans Petter Hildre og Leif Vartdal under Fosnavåg konferansen som blei arrangert på torsdag. Dei presenterte Ocean Space-satsinga der dei blant anna gav oss innsikt i det som omtalast som Fjord-lab.
Omfattande og unikt testanlegg
– Kort og enkelt skal vi instrumentert opp havrommet i Breisundet med masse instrument. Desse instrumenta kan måle bølgjer si retning og storleik, saltinnhald i vatnet, og måle straum frå havoverflata heilt ned til havbotnen. Instrumenta målar også vind, og kartlegg samtidig mykje informasjon om biologien i området, forklarar Hans Petter Hildre ved NTNU Ålesund.
Takka vere Statens vegvesen sitt arbeid med å utarbeide løysingar for Hafast, har Breisundet vorte ein stor og omfattande datamekka. Deira utstyr gjer det mogleg å hente inn masse nyttige data om forholda i havet både inne i og utanfor fjorden. I tillegg til dette skal NTNU plassere ut masse utstyr i fjorden. NTNU skal faktisk investere 80 millionar i denne fjord-laben
– Vi utnyttar den infrastrukturen som Statens vegvesen allereie har bygd opp, og byggar vidare på det, noko som gjer dette til eit fullverdig anlegg som er heilt unikt i verdssamanheng, iallfall så vidt vi kjenner til, forklarar Vartdal.
Ei gullgruve for skipsindustrien
Leif Vardal ved Rolls-Royce kan fortelje at data som kjem frå dette testanlegget er ein enorm resurs som heile skipsindustrien kan dra nytte av.
– Båtane våre er utstyrt med sensorar som overvaker korleis båtane gjer det i havet. Då vi kan lære mykje av dette åleine, veit vi for lite om korleis ulike forhold i havet påverkar båten. Det er her dette testanlegget kjem inn, forklarar Leif Vardal.
Ved å kombinere data frå testanlegget i Breisundet med data frå båtane, som til dømes drivstoff-forbruk, kan ein i større grad finne ut kva faktorar som spelar inn på skipsdynamikk, energiforbruk også vidare.
Breisundet - heilt perfekt
Nils Roar Hareide ved runde miljøsenter forklarar at Breisundet er det perfekte plassen å samle data om havet då ein kan få data frå alle moglege slags forhold.
– I motsetning til innandørs testanlegg og simuleringar er Breisundet ein heilt reel test-arena der ein kan teste båtar både inne i fjordane og offshore, forklarar han.
Biologisk lærdom også
– Vi lærar også enormt om biologien med slike instrument, no kan vi til dømes verifisere mekanismar som ligg til grunn i biologien. Korleis påverkar vêrforholda fisken sin plassering. Moglegheitene er mang, forklarar Hareide.
Vil visualisere dataa
Då datamengdene kan vere uforståelege for oss som ikkje har mastergrad i komplekse tal og modellar, jobbar NTNU også om å visualisere og formidle dataa som kjem utifrå anlegget. Dei ser for seg å bygge ein konstruksjon dor dette, då dei endå ikkje har funnet svaret på korleis dei skal få til dette. Men Hildre har trua på at dei skal finne ein fin måte å formidle vidare kunnskapen som bli samla i dette unike testanlegget.